Molde er ein roleg by. Men ein gang i året, under jazzfestivalen, bognar sentrum av folk, liv og røre. Festivalprogrammet dei siste åra har blitt overskygga av debatten rundt tiggarar som strøyma ut i gatene.
Dårlege erfaringar
Festivalsjef Anders Eriksson synest det er dumt om festivalpublikummet under Moldejazz vert plaga av tiggarar.
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRKI fjor fekk festivalleiinga sterke reaksjonar på at det var for mange tiggarar i bysentrum. No går dei saman med kommunen for å unngå at det skjer igjen.
– Dersom det er aktivitet i gatene som sjenerer festivalpublikummet, så er det uheldig, seier Moldejazz-sjef Anders Eriksson til NRK.
- Les også:
I år vert det meldeplikt og det vil truleg også bli innført tiggefrie soner i sentrumskjernen av byen.
– Erfaringa vår frå Moldejazz i fjor var stygge. Vi opplevde at det som skjedde då, kan vi ikkje ha ei gjentaking på, seier moldeordførar Torgeir Dahl (H).
Artikkelen held fram etter videoen.
Sjå TV-reportasjen: Innbyggjarane i Molde har delte meininga om forslaget om tiggefrie soner i byen under Moldejazz.
– Ikkje berekraftig
Molde-ordførar Torgeir Dahl er positiv til eit nasjonalt forbod mot tigging.
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRKOrdføraren vil ikkje innføre totalforbod mot tigging denne sommaren, men er positiv til eit nasjonalt forbod mot tigging på sikt.
– Det går ikkje på at vi ikkje toler tiggarar som står med ein kopp og viser oss fattigdom, men det faktum at det er mykje negativt som følgjer med, seier han og nemner organisert kriminalitet, manglande overnattingsfasilitetar og tilgrising.
– Summen av dette gjer dette ikkje er berekraftig på sikt, seier Dahl.
- Les også:
Kommunane får bestemme
Peter Christian Frølich (H), Jenny Klinge (Sp) og Ulf Leirstein (Frp) presenterte tysdag justiskomiteens innstilling, der fleirtalet gjekk inn for at kommunane lokalt kan forby tigging frå fyrste juli i år.
- Les også:
I Kristiansund diskuterte dei nyleg temaet både i formannsskapet og i bystyret. Ordførar Per Kristian Øyen meiner likevel at det er ingen grunn til å stramme inn på dagen situasjon.
– På eit generelt plan er ikkje tigging eit stort problem. Vi har ei ganske liberal haldning til tigging, seier han og legg til at det kan bli aktuelt å innføre tiltak dersom situasjonen i Kristiansund endrar seg.
Ventar på nasjonalt tiggeforbod
Ordførar i Ålesund, Bjørn Tømmerdal seier at heller ikkje dei vil innføre eit totalforbod mot tigging på noverande tidspunkt. Dei vedtok nye politivedtekter i fjor, der tigging i Ålesund var eit av temaene.
– Dei vedtektene er no oppe til behandling, og i dei vedtektene ligg det eit forbod mot camping og opprigging av leirar på såkalla grøne områder som kommunen eig, seier Tømmerdal.
- Les også:
- Les også:
Så langt har heller ikkje dei diskutert eit totalforbod mot tigging i Ålesund.
– Til no er det ingen som har tatt til ordet for ei slik ordning. Slik eg har forstått det har ein gått å venta på eit nasjonalt tiggeforbod, seier ordføraren.
Likevel vil han ikkje utelukke at eit slikt forbod kan komme.
– Det er framleis politiske møter igjen før sommaren, så det er fullt mogleg at nokon tek opp temaet, men det vil ikkje eg spekulere i, seier Tømmerdal.