Hopp til innhold

Forskar: Kommunereforma er i store vanskar

Forskar Yngve Flo er ikkje overraska over resultata frå gårsdagens folkerøysting om ja eller nei til samanslåing av kommunar.

Valforskar Yngve Flo ved Universitetet i Bergen

Forskar Yngve Flo meiner det skal mykje til å overprøve så klar tale som folkerøystingane viser.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Særleg møtte planane om å danne storkommunen Ålesund ved å slå saman 10 sunnmørskommunar, eit sviande nederlag.

– For det første viser folkerøystinga at kommunereforma er i store vanskar, seier Flo, som er forskar ved UNI Research Rokkansenteret.

Han meiner slike store og ambisiøse prosjekt som rundt Ålesund er svært sårbar ved ei folkerøysting.

Mindre konstellasjonar

Jan Tore Sanner

Kommunereforma som Jan Tore Sanner har regissert er i store vanskar, meiner forskar Yngve Flo.

Foto: NRK

– Den som vil minst får gjerne viljen sin, og her har dei fleste hoppa av tanken om ein storkommune. Så lenge det skal vere frivillig opnar det heller for mindre konstellasjonar.

Flo viser til liknande folkerøystingar elles i landet, og er på den bakgrunn ikkje veldig overraska over resultatet for storkommunen Ålesund.

Også planane om ein storkommune på Søre-Sunnmøre fekk tommelen ned under folkerøystingane.

Berre Sande ønskte å gå vidare med dette alternativet, medan dei andre kommunane sa klart nei til ei framtidig Runde kommune.

Klare tal

– Men det var nokså klare tal frå fleire av kommunane rundt Ålesund, seier Flo, og kan mellom anna peike på Sula der 89 prosent ønskjer å vere eigen kommune. I Giske ønskte 78 prosent å halde fram som i dag.

Valgurne

Valdeltakinga er om lag som normalt for slike folkerøystingar.

Foto: NRK

Valdeltakinga varierte frå vel 36 til 53 prosent, og viste altså at fleirtalet ønskjer å behalde kommunekartet i hovudsak som i dag. Det er ikkje så uvanleg, sidan ulike folkerøystingar om forskjellige tema dei siste åra har hatt i snitt om lag 45 prosent deltaking.

– Ein kan ikkje vente at deltakinga i slike folkerøystingar er like stor som til vanlege val, meiner forskaren. Men med så låg valdeltaking er nok det eigentlege signalet at dette kunne lokalpolitikarane ha avgjort sjølve utan å spørje folket.

No skal politikarane ta med seg resultata frå folkerøystingane og behandle desse i sine respektive kommunestyre. Dei har frist til 1. juli med behandlinga, så den skjer truleg i løpet av juni.

Saksgangen vidare

– No har politikarane bede om innspel frå sine veljarar, og har fått klare råd. Då skal det mykje til at dei går i mot desse signala.

Men Flo legg til at lokalpolitikarane kan sjå seg tente med å likevel gå inn for samanslåingar, dersom det kjem signal frå høgare hald om tvang. Då kan dei folkevalde vurdere det som betre å forme dette sjølve enn å bli overstyrte.

Rundt om i landet står det framleis igjen ei rekke folkerøystingar i samband med kommunereforma. Og så skal kommunestyra ta stilling til det som trass alt er rådgjevande folkerøystingar.

Stortingssalen

All makt i denne sal – her blir siste ordet sagt.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Så blir det spanande å sjå korleis regjeringa med støtteparti vurderer det som då blir resultatet.

Når kommunane har gjort sine vedtak skal fylkesmennene innan 1. oktober tilverke resultata, og kome med sine tilrådingar. Vidare går saka til regjering og storting, som behandlar spørsmålet i løpet av neste vår.

– Eg skal ikkje prøve meg som spåmann, men det er eit stortingsval hausten 2017. Då har eg vanskar med å sjå at dei går veldig langt i å overprøve folkemeininga.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL