Hopp til innhold

Eldre i same hus som barnehagen: – Barna held oss yngre

Omsorgsbustadane og barnehagen på Folkestad ligg i same bygg. Fleire kommunar bør tenke i same bane, meiner bebuarane.

Folkestad barnehage syng for dei eldre på Folkestadtun

Barna ved Folkestad barnehage held ein minikonsert for dei som bur i omsorgsleilegheiter i same bygg.

Foto: Remi Sagen / NRK

I gule t-skjorter er dei 16 barna på Folkestad klare for ein songopptreden. Bebuarane på omsorgssenteret i etasjen over er eit trufast publikum.

Dei gråhåra syng med på dei kjende barnesongane og er raus med applausen.

– Vi brukar å synge for dei eldre. Det er kjekt, seier fem år gamle Markus Lillenes Skarmyr.

Gleda går begge vegar. Olaug Almelid likar at barna tar seg tid til å kome på besøk.

– Vi blir ikkje så fort gamle når vi har så mange barn innpå oss. Vi held oss yngre, seier Almelid.

Folkestad barnehage er ein livsgledebarnehage

Marcus Lillenes Skarmyr (midten) likar godt å synge for dei eldre. Her viser han og dei andre fram livsgledetrøyene dei har på seg.

Folkestad barnehage er ein livsgledebarnehage. Her syng for dei eldre i bygda

Folkestad barnehage er ein livsgledebarnehage. Det betyr at dei er jamnleg på besøk hos dei eldre.

Jorunn Eidset og andre eldre ved Folkestadtun er på minikonsert i daglegstova

Bebuarane på Folkestadtun set stor pris på minikonserten frå barnehagen. Dei fekk også kome med ynskjelåtar.

Kan ikkje skulde på tidspress

Synnøve Berg-Rusten Grevstad i Folkestad barnehage

Synnøve Berg-Rusten Grevstad seier at både barn og eldre får auka livsglede av å vere saman.

Foto: Remi Sagen / NRK

Folkestad barnehage er ein livsgledebarnehage. Det inneber at barnehagen jamleg besøker dei eldre for at dei skal ha ein meiningsfull kvardag.

Med nytt barnehageår er det fleire nye barn, som skal bruke hausten til å bli kjend med dei gamle naboane gjennom pusling, teikning og song. Med så kort veg skal tidspress ikkje vere noko unnskyldning for å ikkje besøke dei eldre.

– Mange barnehagar synest sikkert det er litt travelt. Vi synest ikkje det. Bygda er så lita og vi blir kjende med kvarandre på ein heilt annan måte, seier pedagogisk leiar, Synnøve Berg- Rusten Grevstad.

Les også Silin (3) gir Alma (80) ein betre alderdom

Barnehageungar i Selje besøker eldre på sjukeheim.

Utsiktsplass til leiken

Jorunn Eidset (91) har leilegheita nærast barnehagen. Det betyr at ho har full oversikt over uteområdet frå stovevindauget.

– Det er stadig liv og røre. Du har noko å sjå på og glede deg over, seier Jorunn. Ho har aldri opplevd hyling og bråk, berre litt gråt av og til hos dei aller yngste, som fort går over.

Enkelte barn brukar å komme bort til henne for å slå av ein prat når ho steller blomsterbeda.

– Det er så kjekt. Eg har det så godt her, seier Jorunn. Ho og dei andre bebuarane meiner fleire kommunar burde ha samlokalisert barnehage og eldresenter.

Jorunn Eidset likar å sjå på når barna i Folkestad barnehage leikar seg.

Jorunn Eidset likar å sjå på barna som leikar seg og gler seg over energien dei har.

Foto: Remi Sagen / NRK

Barna har travle liv

I Volda kommune ser dei kor mykje lokaliseringa betyr for dei eldre. Berre det å kunne sjå at barn leikar seg er av stor verdi.

– Dagens barn har travle liv med mykje fritidsaktivitetar. Kanskje er dei ikkje så ofte besøk hos eldre, seier seksjonsleiar Ingeborg Håskjold. Ho ynskjer seg eit endå betre samarbeid med barnehagen.

– Det hadde vore kjekt med høner og meir frukt og bærtre som kunne skapt felles aktivitetar for eldre og unge saman. Men det er alltid knappe ressursar som skaper hindringar, men vi håper det kan vere mogleg å utnytte potensialet, seier Håskjold.

Jorunn gler seg til å bli betre kjent med barna framover. Ho har fleire nye namn ho må lære seg.

– Det fine er å sjå kor dei veks. Det er slik det skal vere. Det er herleg, ler 91-åringen.

Jorunn Eidset og Marta Bratteberg sit ute utanfor Folkestadtun

Jorunn Eidset og Marta Bratteberg sit i solveggen, medan barnehagebarna leikar like ved.

Foto: Remi Sagen / NRK