Det er som å slå på ei lyspære.
Når 20 barn kjem gåande og syngande inn på eldreinstitusjonen, lyser Alma, Oddrun og Olaug opp.
Det same gjer dei andre eldre bebuarane som sit og ventar.
Det er ein knapp kilometer mellom barnehagen og sjukeheimen, som ligg i Selje i Stad kommune i Vestland.
I over fem år har barna, med små steg, besøkt dei eldre kvar fredag. Fleire av dei yngre og eldre er på fornamn med kvarandre.



Tre år gamle Silin spring rett bort til Alma som er nesten 80 år eldre – og byrjar å leike og synge.
Dei eldre får prøve manikyr og dei dyppar hender i måling som blir kunst på vindauget.
– Når dei ikkje er her så gler eg meg kvar dag til dei kjem. Eg har fem vaksne barn sjølv og tolv barnebarn, men dei er blitt store og er spreidde rundt omkring i Bergen og Oslo. Då er det kjekt med dei små som kjem, seier 80 år gamle Alma Sørpoll.
Alma gler seg alltid til ungane kjem. Dei kan fornamna på kvarandre.
Foto: Arne Stubhaug / NRKFleire besøk
NRK Brennpunkt avslørte skakande forhold i eldreomsorga, som igjen har ført til ein større debatt om korleis innhaldet i eldretenesta skal vere.
Mellom anna har det vore søkelys på at for mange eldre blir sittande passive, utan stimulans.
Men biletet er ikkje heilsvart.
Dei siste åra har talet på såkalla livsgledebarnehagar gått kraftig i vêret. Eit gratis konsept utvikla av den ideelle stiftinga «Livsglede for eldre», som tek sikte på å få gjennomført fleire aktivitetar for eldre.
Ein livsgledebarnehage forpliktar seg til å jamleg besøke den lokale sjukeheimen, omsorgsbustaden eller dagsenteret. Barna og dei eldre gjer felles aktivitetar saman, og får oppleve at dei er til glede for kvarandre.
I 2018 var det 272 slike barnehagar, i dag er det 544. Med andre ord ei dobling dei siste fem åra.
– Ved å legge til rette for generasjonsmøte bidreg ein til å skape gode og inkluderande lokalsamfunn, seier fagleiar for Livsglede for Eldre, Linda Fahle-Johansen.
Selje barnehage besøkte dei eldre på sjukeheimen kvar veke gjennom pandemien, der dei laga målarfigurar på utsida av vindauget.
Foto: Selje barnehageGode tilbakemeldingar
I brukarundersøkinga frå 2022, som har blitt gjennomført blant barnehagane som er med på ordninga, har det kome særs gode tilbakemeldingar.
Over halvparten av barnehagane meiner møte mellom generasjonar kan førebygge einsemd og at det gir dei eldre anledning til å vise omsorg.
Det kjenner avdelingsleiar ved Seljetunet, Stine Fylling Silden, seg igjen i.
– Det handlar om at det skjer noko. Vi har ikkje så mykje aktivitetstilbod. Vi hadde eit dagsenter før, men det er vekk. Då må ein nytte dei ressursane ein har, også på tvers av sektorane.
Avdelingsleiar Stine Fylling Silden seier det har vore utelukkande positivt å samarbeide på tvers av sektorane i kommunen for å få til besøka.
Foto: Arne Stubhaug / NRKMen også barna får gode erfaringar, viser undersøkinga:
- 94 prosent av barnehagane oppgir at barna får erfaring rundt at nokon blir glade for at dei kjem.
- 75 prosent oppgir at barna erfarer at dei må vise omsyn til andre.
- 61 prosent oppgir at barna får erfaring rundt korleis det er å bli gamal.
Fekk besøk under pandemien
Mange barnehagar klarte å få gjennomført besøk også under pandemien.
Rundt tretti prosent fekk utført besøk 1–3 gongar i løpet av året. Rundt 8 prosent fekk gjennomført besøk fleire gongar i månaden.
Selje barnehage besøkte sjukeheimen kvar veke gjennom heile pandemien, der barna stod utanfor vindauget.
Einingsleiar Heidi Løvold seier det har vore viktig med kontinuitet.
– Dersom vi berre hadde gjort det av og til, så trur eg det hadde teke slutt. Når vi har sett det inn i vår kvardag, så blir det ein rutine og ein del av oss.
Kontakten mellom dei eldre og yngre var der også gjennom pandemien, med eit glas imellom.
Foto: Selje barnehage