Hopp til innhold

Flytrafikken går som normalt frå Hovden

Etter å ha vore stengt sidan fredag kveld, kan no alle fly lette og lande som normalt ved Ørsta Volda lufthamn Hovden. Det har vore bom stopp for flytrafikken etter eit lynnedslag i går kveld.

Ørsta Volda Lufthamn Hovden

Mykje snø på Ørsta Volda lufthamn Hovden laurdag føremiddag.

Foto: Sverre Bae

– Flytrafikken går endeleg som normalt, opplyser lufthamnsjef Sverre Bae til NRK klokka 13.15.

Klarte å lande mellom snøbyene

Sidan fredag kveld har ingen fly klart å lande eller lette ved flyplassen, med unnatak av flyet som klarte å lande mellom snøbyene laurdag.

Berre tilfeldigheiter gjorde at flyet frå Oslo klarte å lande på Ørsta Volda lufthamn Hovden klokka 11.30, for så å ta av mot Bergen ein halvtime seinare.

– No ser eg akkurat i halen til flyet som tek av mot Bergen, fortalde flyplassjef Sverre Bae til NRK klokka 12.00.

Lynnedslag stengde flyplassen i Ørsta/Volda

– Flyet sirkla i lufta

Mykje lyn fredag skapte trøbbel for flyplassen og eit lynnedslag sette eitt av navigasjonssystema ut av drift.

To fly frå Bergen og Oslo måtte returnere utan å få lande fredag kveld, og det siste Oslo-flyet vart kansellert.

Også morgonflyet frå Oslo som skulle vidare til Bergen vart kansellert laurdag.

Laurdag føremiddag var feilen framleis ikkje fiksa, men då det var lyst og opplett var det mogleg for fly å lande og lette utan den øydelagde delen av navigasjonssystemet.

– Flyet frå Oslo låg og sirkla i lufta og klarte å lande mellom to snøbyer, fortel Sverre Bae.

Det var mange lynnedslag og mykje torever i Møre og Romsdal fredag kveld, og mange miste straumen på grunn av uveret .

Ventande passasjerar

Lufthamnsjefen seier lynnedslag kan setje navigasjonssystema ut av drift, og at det er slikt som skjer frå tid til anna, men at han aldri har opplevd det før.

– Det har blinka relativt kraftig i heile kveld, sa han til NRK fredag.

Klokka 08.30 laurdag vart 20 flypassasjerar skyssa mot Oslo i buss, og mange booka om flybillettane sine til søndag.

Les også:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL