Eit lynnedslag i eitt av navigasjonssystema har sett Hovden flyplass i Ørsta/Volda ut av drift. Ifølgje Widerøe har to fly måtte returnere, utan å få lande.
– Det eine flyet er dirigert tilbake til Bergen, det andre til Oslo, seier lufthamnsjef Sverre Bae ved Ørsta Volda Flyplass Hovden.
Det har vore ei rekkje lyn og mykje torever i Møre og Romsdal fredag kveld, og mange har mist straumen som følgje av uveret.
Prøvar å booke om
Ifølgje informasjonssjef Silje Brandvoll i Widerøe seier dei fredag kveld arbeider med å booke om Oslo-passasjerane til det siste flyet, men utan at det veit om det er råd å opne flyplassen fredag kveld.
- Det er slettes ikkje sikkert vi får dei med i kveld, alternativ er då hotell og nytt fly i morgon, seier Brandvoll. Ho seier det er uvanleg at lynnedslag får så store konsekvensar.
- Lynnedslag skjer frå tid til anna, men at det slår ut landingssystemet er vi heldigvis ikkje vande med, seier ho.
Fleire ventar på Hovden
Widerøe veit førebels ikkje eksakt kor mange kor mange flypassasjerar som er råka av lynnedslaget, men seier dei håper å få flyet frå Oslo klokka 23.30 trygt ned på bakken. På flyplassen på Hovden sit det, ifølgje Bae, fleire passasjerar som så langt ikkje har fått reise.
Ikkje opplevd før
Lufthamnsjefen seier lynnedslag kan setje navigasjonssystema ut av drift, og at det er slikt som skjer frå tid til anna, men at han aldri har opplevd det før.
– Det har blinka relativt kraftig i heile kveld, seier han.
Ein mekanikar er venta frå naboflyplassen Vigra, utanfor Ålesund rundt kl. 23.