Hopp til innhold

Må drikke kaffi i mørkeret igjen etter nytt straumbrot på Sunnmøre

Kjell Arne Myren i Haram må igjen drikke kaffi mørkeret etter eit nytt straumbrot på Sunnmøre. Dei siste tre timane har det vore heilt mørkt i huset etter lyn og torever.

Kjell Arne Myren

Kjell Arne Myren måtte drikke ettermiddagskaffien opplyst berre av hovudlykta si. Dei har vore utan straum dei siste timane.

Foto: privat

Ei rekkje abonnentar er utan straum på Sunnmøre som følgje av kraftige lyn og torever. I Haram sit ekteparet Ann Karin og Kjell Arne Myren straumlause for andre gong på kort tid. I desember miste nesten 150 000 innbyggjarar straumen i fleire timar.

– Sist varte det i ti timar, no har vi vore utan straum i tre timar, seier Myren. Ho er ikkje veldig glad over straumstansen.

Ettermiddagskaffi på vedomnen

Ekteparet Ann Karin og Kjell Arne Myren måtte fredag ettermiddag koke kaffien på vedomnen sin.

Foto: privat

– Det skaper jo problem med matlaging, og dei som ikkje har vedfyring får det jo ganske fort kaldt, seier ho. Sjølv fyrer dei og held varmen, og har også kokt ettermiddagskaffien på vedomnen.

Lyna vil truleg halde fram utover natta

Marit Funnemark

Statsmeteorolog Marit Funnemark seier lyna truleg vil vare også laurdag.

Foto: Kamilla Pedersen/Met.no

Statsmeteorolog Marit Funnemark ved Vervarslinga på Vestlandet har fredag ettermiddag og kveld registrert ei rekkje lyn langs vestlandskysten. Det er flest sør i Møre og Romsdal, langs heile kysten av Sogn og Fjordane og nord i Hordaland, opplyser ho. Ingenting tyder på at uveret langs vestlandskysten vil minke utover natta.

– Det er ein bygesituasjon med mykje ustabil luft, som typsik gir mykje lyn og torever no på vinteren på Vestlandet.

– Er det farleg å gå ut no?

– Sjansen for å bli treft av lyn er ganske liten, men ein skal vere forsiktig og ikkje utsetje seg sjølv for fare ved å vere det høgste punktet, seier Funnemark. Ho seier lynaktiviteten vil halde fram til laurdag, men stilne søndag.

Straumlaust i fleire kommunar

Ifølgje Tafjord er straumkundar i fleire kommunar råka fredag kveld. Det spenningslaust eller berre delvis spenning i følgjande område:

  • Tennfjordveien i Haram
  • Oppskar på Stette i Skodje (ordna omlag kl. 19.40)
  • Volstad på Ellingsøya (kjem aggregat om lag kl. 21)
  • Utvika i Skodje
  • Kaldhol, Fonnbakken, Holstad og Røyset på Hareid
  • Storeide på Fiskå i Vanylven
  • Vatne og Hellestranda i Haram (straumen tilbake om lag kl. 19)
  • Hareid-Liavåg fiskeindustri (feilen funnen, blir arbeidd med klokka 20.30)
  • Sylte/Brekke i Vanylven
Mørkt i Tennfjord i Haram fredag kveld

Det er mørkt i Tennfjord i Haram fredag kveld. Landskapet blir opplyst berre av billyktene.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes

Pressekontakt Kari Løken i Mørenett seier ho førebels ikkje veit kor mange som er råka, men anslår rundt 350 kundar. Sist var det 150 000 kundar som blei råka, og også mellom anna julebordet til Tafjord Kraft.

Også hos Istad Nett i Romsdal har vêret skapt problem. Om lag 1350 kundar var utan straum fredag ettermiddag, men problema er no ordna.

Lyn og torever skaper problem

Det er fleire kraftige lyn fredag ettermiddag – saman med toreveret – som skal ha ført til straumproblema.

Kari Løken kommunikasjonssjef

Pressekontakt Kari Løken i Mørenett seier folk er straumlause i ei rekkje sunnmørskommunar fredag kveld.

Foto: Tafjord Kraft

– Det har vore ein del lynnedslag, så ein del trafoar er ute, i tillegg til ein del sikringar som har gått, seier Løken. Ho seier dei har mannskap ute som kontinuerleg arbeider for å finne og rette feila.

– Vi syns heller ikkje noko om at straumen går, men når det er lyn og torever som er årsaka, er det svært lite vi kan gjere utanom å reparere i etterkant, seier ho.