Hopp til innhold

No vil dei unge bli bønder

I 3. klasse på Gjermundnes landbruksskule i Vestnes har nesten alle planar om å ta over heimgarden. Bondelaget ser ei aukande interesse for bondeyrket.

Maiken Røvik

Maiken Røvik har hatt interesse for dyr sidan ho var lita og likar fysisk arbeid. Ho planlegg å ta over heimgarden.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Kyrne på landbruksskulen forsyner seg av frodig grønt gras. Elevane som snart er ferdig med tre år på skulen her, har ikkje berre lært korleis dei skal stelle dyr, men har også hatt mykje teori om landbruk.

Maiken Røvik (19) sin største draum er å ta over heimgarden. Ho er oppvaksen på ein gard på Skåla utanfor Molde og foreldra har 15 ammekyr på den 70 mål store garden.

Skrekken er kontorjobb

– Målet mitt er å bli gardbrukar innan eg er 25 år. Pappa syntest det var altfor seint då dei tok over garden etter mine besteforeldre då dei var 30 år, seier Røvik.

Fleirtalet av dei ni klassekameratane har same plan som Maiken. Dei vil bli bønder og ta over familiegarden.

– Min største skrekk er å jobbe på kontor, seier Røvik.

Elevar ved Gjermundnes landbruksskule

Nesten alle avgangselevane i denne klassa på Gjermundnes, skal bli bønder og ta over heimgardane.

Foto: privat

Bygge nytt fjøs

Sveinung Jøen Rydjord planlegg også å ta over heimgarden og har allereie byggeplanane for ny fjøs klare.

– Eg kjem nok til å auke besetninga på garden. Eg har mål om 120 vinterfôra sau, seier Rydjord. Det betyr at garden nesten vert dobbelt så stor.

Dersom han og klassekameratane tar over gardane om ikkje lenge, er dei med på å dra ned alderssnittet i næringa. Berre 10 prosent av norske bønder er under 40 år.

Nedgang i oljesektoren
Lars Petter Bartnes

Lars Petter Bartnes er leiar i Norges Bondelag. Han ser at fleire unge er nysgjerrige på bondeyrket.

Foto: Norges Bondelag

Lars Petter Bartnes i Norges Bondelaget trur fleire unge er opptekne av landbruk og matproduksjon. Han viser til ei kraftig auke i søkjartal til landbruksstudium, både på vidaregåande skular og på høgskular.

– Redusert sysselsetjing i oljesektoren, fører til at ungdomen leitar etter nye yrkesmoglegheiter i framtida. Klima og matproduksjon står høgt på dagsorden, og gjer ungdomen nysgjerrig på landbruket, seier Bartnes.

Trygt i landbruket

Også Norges bygdeungdomslag erfarer at ungdom frå heile landet ynskjer å bli gardbrukarar.

– Mange ser verdien av bondeyrket. Det å produsere mat er ein av dei viktigaste jobbane som kan gjerast, seier leiar Gunn Jorunn Sørum. Arbeidsplassar i landbruket opplevast også som trygge.

Ung og naiv

Maiken Røvik er spent på om ho vil klare å leve av bondeyrket i framtida. Begge foreldra har andre jobbar ved sida av, og 19-åringen er innstilt på at ho også må det. Ho veit at gardsdrift kan kombinerast både med turisme og grøn omsorg, og at spekteret av kva ein kan drive med på gard er stort. Det er også litt skummelt å tenkje på at ho skal ha eit så stort ansvar.

– Eg er ung og naiv og dum sikkert, som gjer dette her, smiler Røvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL