Hopp til innhold

– Skreik og heldt pusten under «Bølgen»-premieren

Kinosjefane er frå seg av begeistring etter å ha sett katastrofefilmen «Bølgen». Filmen, som er spelt inn i Geiranger, hadde premiere under filmfestivalen i Haugesund søndag.

Kinosjefar

Bjørn Holum, kinosjef i Fosnavåg Kristine Brungot, kinosjef i Ulstein Marit Scheide, kinosjef på Åndalsnes Janne Skarstein, kinosjef i Ørsta

Foto: Synnøve Hole / NRK

Ut frå kinosalen kjem fire begeistra kinosjefar. Dei har nettopp sett katastrofefilmen «Bølgen», ei dramatisering av kva som kan skje om det rasfarlege fjellpartiet Åkneset rasar i Storfjorden og utløyser ein tsunami.

Filmen er både hylla og omdiskutert. Kritikarane meiner filmen kan skape uberettiga frykt, medan andre meiner publikum både klarer å skilje fiksjon frå fakta, og at filmen kan medverke til å skape respekt for naturkreftene.

Kinosjef i Herøy, Bjørn Holum er ikkje sein om å gje filmen terningkast fem.

Dette er ein kjempebra film. Alle saman sa «yes» då vi hadde sett filmen. Dette blir gode opplevingar for folk som skal på kino, seier han begeistra.

Marit Skeide er kinosjef i Rauma. Ho trur at folk kjem til å strøyme til kinoane for å sjå denne filmen. For denne filmen var både spennande og engasjerande.

Denne filmen må sjåast, seier ho. Ein blir riven med.

Skreik du?

He, he. Ja, litt så. Og eg heldt pusten, medgir ho.

Også kinosjef i Ørsta, Janne Skarstein anbefaler folk å gå på kino og få med seg denne filmen.

Alle bør sjå denne filmen. Om ein skal sjå éin film i år, då må det bli denne filmen. Filmen er bra heilt frå starten, og så held det fram. Når du trur filmen er veldig, veldig bra, så blir han endå litt betre.

Også fleire filmmedarbeidarar i aviser, nettstader og kringkastingsstasjonar har gjeve filmen svært gode kritikkar. Filmmeldar Birger Vestmo i NRKs Filmpolitiet skriv at filmen «Bølgen» er spennande og drivande underhaldning, og spår at han vil trekkje massane til kinosalane i haust.