Hopp til innhold

Taus kronprins ser katastrofefilmen «Bølgen» søndag kveld

Kronprins Haakon smilte breidt, men sa ikkje eit ord til journalistane då han søndag kveld - saman med skodespelarane - kom på raud løper for å sjå den første norske katastrofefilmen.

Kronprins Haakon under opninga av Filmfestivalen i Haugesund søndag kveld

Kronprins Haakon sa ikkje eit ord om den omstridde filmen 'Bølgen' då han kom for å sjå filmen i Haugesund søndag kveld.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

HAUGESUND: Det var ein taus kronprins som søndag kveld entra den raude løparen med grønt slips i filmbyen Haugesund. Han og publikum i tre kinosalar ser søndag kveld "Bølgen" for første gong under filmfestivalen.

  • Les kva NRK sin filmekspert meiner om "Bølgen":

Bølgen « NRK Filmpolitiet - alt om film, spill og tv-serier

Får terningkast 5 i fleire aviser

Hovudrolleinnehavarane i "Bølgen".

Hovudrolleinnehavarane i 'Bølgen'. F.v. Jonas Hoff Oftebro, Edith Haagenrud, regissør Roar Uthaug, Ane Dahl Torp og Kristoffer Joner.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Filmen får terningkast 5 i fleire aviser - og også hos NRK. Filmmeldar Birger Vestmo i NRKs Filmpolitiet skriv at filmen "Bølgen" er spennande og drivande underhaldning, og spår at han vil trekkje massene til kinosalane i haust.

Filmen er allereie selt til over 100 land, og norske kinosalar står no klare til å ta imot den første norske katastrofefilmen.

Men først skal Kronprins Haakon og deltakarane på Filmfestivalen i Haugesund få sjå "Bølgen" under førpremieren.

Kjend i sunnmørsfjella

En stor bølger kommer inn over hus og gård

Bølgja som raserer Geiranger i filmen 'Bølgen'.

Foto: Fantefilm Fiksjon/Filmweb

Filmen "Bølgen" baserer seg på frykta for kva som skjer når fjellpartiet Åkneset kjem til å rase ut i Storfjorden og skape ei øydeleggande flodbølgje på 80 meter. Kronprins Haakon og resten av kongefamilien har vore mykje på Vestlandet, ikkje minst i sunnmørsfjella og i Geiranger.

Les også:

Ti minutt på seg til å røme

I filmen har innbyggjarane ti minutt på seg til å røme, når dei får varselet om at den enorme bølgja er på veg inn fjorden. Akkurat dette er noko av det som har fått kritikarane til å reagere på filmprosjektet. Men både skodespelarar, regissør og produsent strekar under at filmen er fiksjon, og ikkje fakta.

Onsdag om halvanna veke blir filmen vist i Geiranger, to dagar seinare er det premiere i norske kinosalar.

Les også:

Seksjonssjef i NVE, Lars Harald Blikra, kommenterer den kommende storfilmen Bølgen. I virkeligheten er det nemlig Blikra som har ansvaret for fjellet som kommer til å rase og deretter skape en flodbølge.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL