NRK Meny
Normal

Kjempa med tårene då dei såg «Bølgen» søndag kveld

HAUGESUND (NRK): Både strandaordføraren og han som har ansvaret for overvakinga av Åkneset kjempa med tårene då dei såg Geiranger bli knust av ei monsterbølgje. Søndag kveld fekk dei sjå den omstridde filmen "Bølgen" for første gong.

Strandaordførar Jan Ove Tryggestad og NVE-geolog Lars Harald Blikra

Både strandaordførar Jan Ove Tryggestad og NVE-geolog Lars Harald Blikra meiner filmen er verdt å sjå. Begge to kjempa med kjenslene medan dei såg den første norske katastrofefilmen søndag kveld.

Foto: Synnøve Hole

Kritikarane har stått i kø for å hindre at filmen "Bølgen" skulle bli noko av, men søndag kveld har allereie fleire hundre menneske - og ein kronprins - sett han. Og etter 1 time og 45 nervepirrande minutt i kinosalen i Haugesund får filmen god kritikk.

Eg gir mellom fem og seks i terningkast. Det var ei imponerande sterk fortelling, faktisk veldig bra prestasjonar av skodespelarane, seier strandaordførar Jan Ove Tryggestad i det han går ut frå kinosalen Edda i Haugesund søndag kveld.

Klamra du deg til stollena nokon gong?

Ja, det gjorde eg faktisk.

Gret du?

Ikkje slik at eg hulka, men eg måtte kjempe med tårene, seier Tryggestad beint fram.

– Minner oss om alvoret

Sjefgeolog Lars Harald Blikra i NVE har ansvaret for overvaking av Åkneset. Også han syns filmen var gripande.

–– Eg blei rørt, spesielt fordi filmen minner oss om alvoret i eit slikt scenario, og det ansvaret vi sit med som fagfolk, seier Blikra.

Han har tidlegare sett klipp av filmen og omtalt han som både realistisk og urealistisk. Det held han fast på.

– Sjølve bølgjen og konsekvensane er realistiske, men forteppet og utviklinga er ikkje det. Vi har nok mykje meir kontroll enn geologane i filmen, seier Blikra.

Les også:

Får terningkast fem av filmmeldarane

En stor bølger kommer inn over hus og gård

Bygda Geiranger blir knust av monsterbølgja i filmen 'Bølgen'.

Foto: Fantefilm Fiksjon/Filmweb

I fleire aviser, og også hos NRK, får den første norske katastrofefilmen terningskast 5. Filmmeldar Birger Vestmo i NRKs Filmpolitiet skriv at filmen "Bølgen" er spennande og drivande underhaldning, og spår at han vil trekkje massene til kinosalane i haust.

Journalist Alf Ketil Walgermo i Vårt Land noterer at det nesten ikkje er ei sunnmørsstemme å høyre, og karakteriserer uttalen hos dei som prøvar, som "svak".

Meiner folk bør sjå filmen

Både ordføraren og NVE-sjefen rår folk til å sjå filmen, men minner om at det er ein sterk film. Men han åtvarar mot sterke scener.

- Vi som bur langs fjorden veit at ras har prega oss og vil prege oss. Vi skal ikkje bagatellisere filmen sitt innhald, men peike på at dette er noko vi må leve med. Vi må byggje eit godt apparat og bereskap, seier han.

Filmen blir vist i Geiranger 26. august, og har kinopremiere to dagar seinare.

Seksjonssjef i NVE, Lars Harald Blikra, kommenterer den kommende storfilmen Bølgen. I virkeligheten er det nemlig Blikra som har ansvaret for fjellet som kommer til å rase og deretter skape en flodbølge.