Hopp til innhold

Påskeferien kan ha bremsa koronasmitten – men Ingrid er livredd for å bli smitta igjen

Oppblomstringa av korona bremsar svakt, det viser ferske tal frå FHI. Ingrid Kruse Fevåg har long covid og gjer alt ho kan for å unngå å bli smitta på nytt.

Ingrid Kruse Fevåg står i ein gang inne i leilegheita si. Ho har på seg ei svart t-skjorte og har svart hår og briller. Ho ser på noko på sida av kameraet, og sollys skin inn gjennom vidauga. Ho ser alvorleg ut.

FRYKTAR SMITTE: Ingrid Kruse Fevåg er redd for kva som skjer om ho blir smitta med korona igjen. Difor held ho seg som oftast langt unna folk.

Foto: Roar Strøm / NRK

Medan dei fleste for lengst har pakka vekk lyseblå munnbind og handsprit, lever Ingrid Kruse Fevåg i Molde framleis i frykt for koronasmitte.

– Eg er kjemperedd for å bli smitta. Det er nesten slik at tårene kjem. Det kan vere at eg blir sengeliggande igjen, seier 42-åringen.

Livet hennar blei totalt forandra etter at ho fekk covid-19 i februar 2022.

– Eg var ein av mange som blei glad for å bli smitta og berre bli ferdig med det, seier Fevåg.

Men ho blei så sjuk som ho aldri har vore før med pustevanskar, intens hovudverk og utmatting.

Folkehelseinstituttet (FHI) sin vekerapport om covid-19 viser at oppblomstringa kan ha bremsa opp. Men framleis blir fleire sjuke og innlagt med korona, sjølv om færre testar seg.

Auke i innleggingar og sjuke

Før påske melde FHI om at koronapandemien var aukande og at talet på innlagde var meir enn dobla på fem veker.

Framleis blir fleire smitta, men ikkje lenger like raskt.

No lurer FHI på om påskeferien kan ha ført til mindre smitte, eller om det er underrapportering som er årsaka til bremsen.

– Målinga sist veke (veke 14) viser ein nedgang, men data frå denne veka (påskeveka) må tolkast varsamt, heiter det i rapporten.

Her kjem det også fram at talet på pasientar som er lagt inn på intensivavdelingane med korona er stabilt lågt, men at det har vore ein liten oppgang i covid-19-assosierte dødsfall.

Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet

Fagdirektør Preben Aavitsland i FHI.

Foto: Tor Erik Schrøder

Vi er inne i ei vårbølge no, men ho er mykje mindre enn bølgene vi hadde i vinter, i fjor sommar og i fjor vår. Det er som venta, seier fagdirektør Preben Aavitsland.

Han seier dette er naturleg så lenge nesten alle har vore smitta, og dei fleste er vaksinerte. Han oppfordrar samtidig alle over 75 år om å ta ny vaksinedose no i april.

Les også Erika (16) får skyhøy puls: Tvinges til å ligge i senga

Erika Scheid Bjørnstad må tilbringe mye tid i sengen, for å unngå skyhøy puls.

Vil ha færre pårørande inn på sjukehusa

Britt Rakvåg Roald framfor inngangen ved Kristiansund sykehus

Britt Rakvåg Roald seier at pårørande bør unngå besøk på sjukehusa i Molde og Kristiansund dersom det ikkje er nødvendig.

Foto: Roar Strøm / NRK

I rapporten før påske blei sjukehus og kommunar varsla om at fleire pasientar truleg må leggast inn som følgje av korona. Samtidig er det grunn til å tru at influensaepidemien framleis kan vare nokre veker til.

Både sjukehuset i Molde og i Kristiansund har merka denne auken.

Sengepostane er no så pressa at helseføretaket har bedt pårørande unngå besøk dersom det ikkje er heilt nødvendig.

– Det er ein krevjande situasjon, men det handlar ikkje berre om koronapasientar. Folk er også sjuk av andre infeksjonar. Utfordringa er at alle desse må isolerast frå andre pasientar fordi det er smittsamt, seier klinikksjef Britt Rakvåg Roald.

Molde sjukehus

Hit bør du helst ikkje gå på besøk dersom du ikkje må.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

På akutten med brystsmerter

Heime hos Ingrid Kruse Fevåg er det heller ikkje mange gjester i den lyse leilegheita i Molde.

42-åringen har minimalt med besøk av vener. På butikken brukar ho munnbind og unngår tidspunkt med mange kundar.

– Då eg fann ut at det var blomstring av smitte her måtte dottera mi vere hos faren, slik at eg skulle unngå å bli smitta, seier Fevåg.

42-åringen kom seg på beina att etter koronasjukdom i fjor, og fungerte greitt eit halvt år.

Men i september 2022 fekk ho skjelvingar, brystsmerter og pustevanskar. Ho blei sendt rett på akutten, men alle undersøkingar og prøver var normale.

I månadsvis har ho slite med utmatting, migrene og dårleg minne.

No har ho fått diagnosen long covid.

Ingrid Kruse Fevåg ligg på ein grå sofa inne i leilegheita si. Ho har på seg ei svart t-skjorte og har svart hår og briller. Ho ser på noko på sida av kameraet, og sollys skin inn gjennom vidauga. På veggen bak ho heng eit måleri av nokre fjell.

Slik går ofte dagane for Ingrid Kruse Fevåg medan ho er sjuk. No ynskjer ho seg attende til arbeidslivet.

Foto: Roar Strøm / NRK

Vil attende på jobb

42-åring ser likevel lys i enden av tunnelen. Dei siste vekene har ho fått meir energi og har til og med vore på skitur.

No drøymer ho om å kome attende på jobb og har eit håp om at ho kan starte i det små om ikkje så lenge. Ho er også lokalpolitikar for Høgre og ser fram til å vere med i valkamp.

– Eg saknar mitt gamle liv. Eg vil ha livet mitt attende og vere med og bidra i samfunnet, seier Fevåg.

Les også Håper ny studie gir bedre behandling mot «long covid»

Tom Farmen Nerli