Hopp til innhold

Ber om å avgrense sjukehusbesøk

Dei siste dagane har det vore ei auke i innleggingar ved sjukehusa i Kristiansund og Molde på grunn av covid og andre infeksjonar. Sengepostane er difor sterkt pressa. Helseføretaket oppmodar pårørande om å avgrense besøka ved dei to sjukehusa. - Vi ber om at alle besøk blir avtalt med den aktuelle avdelinga ved sjukehusa, seier klinikksjef Britt Rakvåg Roald.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL