Hopp til innhold

– Dette er ikkje til å leve med

Problema med ferjesambandet til øyane på Romsdals-kysten ser ikkje ut til å ta slutt. No er også reserveferja ute, etter å ha skrapa i sjøbotnen torsdag.

Bilferja Kvaløy

Bilferja Kvaløy skulle vere skreddarsydd til sambandet. Men ho må byggast om for å kunne gå til kaia på Ona.

Foto: Hilde Søreng / NRK

Ferja «Kvaløy» var den store julegåva til folket på øyane på kysten av Romsdal. Men denne ferja må byggast om, for å tole forholda i området. Så blei søsterferja, «Vengesøy» sett inn i sambandet. No har også denne fått trøbbel, og er ute av drift for å rette på tekniske problem.

Bendix Klykken

Bendix Klykken i Torghatten Nord,

Hans Endre Sæterøy

Hans Endre Særerøy er ordførar i Sandøy kommune.

Foto: Høgre
Torill Ytreberg

Torill Yttreberg i NHO.

Foto: Odd Kristian Dahle / NRK
– Vi hadde ei grunnberøring ved Småge seint torsdag kveld, seier driftssjef Bendix Klykken i Torghatten Nord.

– Kva følgjer får dette?

– Sambandet blir utan ferje til over helga. Vi vonar at bilferja «Kvaløy» blir sjøsett, slik at vi får denne inn i sambandet tidleg i neste veke, seier Klykken.

– Svært frustrerande

Folket på øyane i Sandøy såg fram til å få ny ferje. Dette er livsnerven, som fraktar både folk, drivstoff og gods. Den nye ferja, som skulle føre folket inn i ei ny tid, har til no berre ført med seg kaos og ustabile forhold.

Dette er ikkje til å leve med. Folk anar ikkje kva tid dei kan reise. Det går ikkje an å gjere avtalar. Og folk får ikkje reise når dei har behov for det. Det er veldig frustrerande for dei som bur her, seier ordførar i Sandøy, Hans Endre Sæterøy.

– Ein fortvilt situasjon

Sambandet til øyane i Sandøy var berre eitt av fleire samband som var ute av drift fredag morgon. På sambandet Stranda-Liabygda fekk ferja motorhavari. Ferja i nabosambandet Eidsdal-Linge måtte forlate sambandet sitt, for å taue ferja med motorhavari til land. Dermed var det full stans i tre samband samstundes.

Dette er ein fortvilt situasjon. Dette påfører næringslivet og befolkninga store ulemper. Næringslivet får store kostnader. Varene når ikkje fram dit dei skal. Dette kostar mykje, seier Torill Ytreberg i Næringslivets Hovedorganisasjon til NRK.

– Skal få styrefinnar

Ferja «Kvaløy», som skulle vere skreddarsydd til sambandet, skal få montert på styrefinnar, slik at det skal bli lettare å navigere i det verharde området.

Når «Kvaløy» har fått påmontert styrefinnar må denne ferja testast. Dersom ho oppfører seg på samae måte som søsterferja «Vengesøy», skal denne også kunne gå på Ona.

– Blir forseinka

Men utbetringa av «Kvaløy» er ikkje fullført. Og når «Kvaløy» frå neste veke går inn i trafikk, blir fullføringa av utbetringane utsett. Ferja skal ikkje berre få nye styrefinnar. Det skal også monterast sidepropellar bak.

Dette arbeidet blir forseinka. Arbeidet på «Kvaløy» kan ikkje fullførast før «Vengesøy» er ferdig reparert.

– Liten hurtigbåt i ruta

I mellomtida er det passasjerbåten «Nordic Lady» som trafikkerer sambandet. Dette er ein rein passasjerbåt, som ikkje har høve til å ta med bilar.

– Vi har også avtale med ein annan båt, som kan frakte gods til øyane. Her er det berre å kontakte sentralbordet i Torghatten Nord, seier Klykken.

– Vi vonar vi skal ha ferje i sambandet i byrjinga av neste veke, seier Klykken.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL