Normal

Fortvilte på Ona

Innbyggjarane på Ona fortvilar over at den nye bilferja ikke klarer å leggje til kai.

Bilferja Kvaløy

Bilferja Kvaløy har vanskar med å legge til kai på Ona.

Foto: Hilde Sørmoen


Reiarlaget Torghatten Nord har inntil vidare kutta ut ferjeturane til Ona.
Marianne Eliassen trur nesten ikkje at det er sant.

– Etterkvart no så må eg seie at eg byrjar å bli forbanna. At dei greier å byggje ei ferje som skal gå uti her uten å greie å legge til kai, seier Eliassen.

Bilferja Kvaløy vart døpt

Gudmor Gunn-Berit Gjerde døyper bilferja Kvaløy

Foto: Torghatten Nord

Splitter ny ferje

Den splitter nye bilferja Kvaløy som er eigd av Torghatten Nord blei sett inn i trafikk mellom Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona frå 1. januar. Men Onaveringane har ikkje hatt glede av ferja. Når baugporten går opp, mistar skipperen augekontakt med kaia på Ona. Det er dette som skaper vanskane. Eigne kamera skal hjelpe mannskapet å få ferja til kai, men dette krev ein viss innkøyringsperiode. No har den vart i fire dagar.

Fergekai Ona

Ferjekaia på Ona.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Utan sjuketransport

Marianne Eliassen sin bil er ein del av beredskapen på Ona. Bilen er den einaste som er stor nok til å frakte ei sjukebåre. No står den att på kaia på Finnøya.

– Per i dag har vi ingen sjuketransport på Ona dersom nokon blir dårleg. Vi har ingen bil som kan ta ei sjukebåre. Dette er alvorleg, seier Eliassen.

Passasjerbåt

Hans Endre Sæterøy

Hans Endre Sæterøy, ordførar i Sandøy

Foto: Høgre

Dei som bur på Ona har i nokre dagar brukt passasjerbåt for å kome til og frå øya. Ordførar i Sandøy kommune Hans Endre Sæterøy fryktar at det vil ta lang tid før ferja kan legge til kai på Ona.

– Vi har snakka både med reiarlaget og samferdselsavdelinga i fylkeskommunen kva dei vil gjere no framover for å få ting til å fungere. Det er klart at dette tek lenger tid enn det vi ønskjer, seier Sæterøy.

Skal møte folket

Vinterstemning på Ona

Torghattensjefen kjem til Ona i morgon.

Foto: Jarle Eliassen

Administrerende direktør i reiarlaget Torghatten Nord Bjørn Laksforsmo, seier seg lei for sitasjonen.

– Vi jobbar med fleire tiltak. Eitt av dei er at mannskapet rett og slett må bli betre kjent med båten på grunt vatn, seier Laksforsmo.

Sjølv er han no på veg til Molde og deretter Ona for å møte folk i morgon.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.