Hopp til innhold

– Dette går ikkje an. Bygdene blir gjort veglause

Ferjesambandet Stranda-Liabygda var innstilt. Tidlegare i dag var det stans også i sambandet Eidsdal-Linge. Kaoset har ført til sterke reaksjonar.

Ferjekø Eidsdal

Dei fleste gav opp og køyrde heim,skriv MMS-tipsaren som har teke dette biletet på kaia i Eidsdal.

Foto: MMS-tipser

Siste: Ferjene går no omtrent i rute i begge sambanda.

Bilferja som går mellom Stranda og Liabygda har fått motorhavari. Sambandet er innstilt. Men bilferja som går mellom Linge og Eidsdal forlet sambandet sitt for å assistere ferja på nabosambandet.

Dette førte til omfattande vanskar på begge sambanda. På sørsida av fjorden i Norddal var bygdene utan samband med omverda.

Dette går ikkje an. Bygdene her er veglause. Folk kjem seg ikkje på arbeid og skule. Det går på tryggleiken når folk er sjuke. Dette er ikkje nokon heldig situasjon, seier ordførar Bjørn Inge Ruset i Norddal.

Eidsdal

Om lag klokka 09.00 kom ferja tilbake i sambandet Eidsdal-Linge. Då hadde det samla seg mykje bilar på kaia.

Foto: MMS-tipser

Vanskane med ferjesambandet har ført til kraftige reaksjonar. Og ordførar Bjørn Inge Ruset får tilbakemeldingar frå mange.

– Eg får telefonar og e-post frå folk. Næringsdrivande er uroa. Dei kjem seg ikkje på arbeid, og dei får ikkje tene inn pengane til arbeidet dei skal gjere.

Det er ikkje først og fremst det at ferja mellom Eidsdal og Linge prioriterte å hjelpe naboferja Ruset reagerer på. Han er oppgitt over heile situasjonen med utrangerte ferjer, og at heile bygdesamfunn blir ståande utan samband.

– Eg har forståing for at ferja måtte hjelpe den andre ferja som hadde fått motorstopp. Men vi kan no ikkje ha ferjer der maskinane ikkje fungerer.

Ruset meiner det no er behov for ei omfattande oppgradering av ferjemateriellet.

– No må ferjemateriellet oppgraderast. Vi må ha ferjer som fungerer. Så må vi også sjå på praksisen når uhellet er ute. No blir bygdene på sørsida av fjorden gjort veglause. Det er ikkje samband ut til verda, og dette er ikkje bra nok, seier Ruset.

Ferjer innstilt

Ferjetrøbbel har råka Stranda-Liabygda og Eidsdal - Linge i morgontimane.

Foto: NRK