Det blei ikkje semje mellom Rederienes Landsforening og Sjøoffisersforbundet i meklinga som pågjekk heilt til laurdag morgon. Det blir difor streik og desse Fjord1 MRF- fartya er tekne ut i streik:
MF Tresfjord, A-ferje Molde - Vestnes
MF Brandal, A-ferje Festøya - Solavågen
MF Solskjel, A-ferje Magerholm - Ørsneset (erstatningsferje for Ivar Aasen, som er på verkstad for årleg sertifisering)
MF Harøy, B-ferje Brattvåg-Dryna-Nordøyane
MS Romsdalsfjord, hurtigbåtsambandet Langevåg - Ålesund.
Også rute B mellom Hareid og Sulesund blir teken ut i streik. Dette sambandet blir drive av Hurtigruten Group ASA.