Hopp til innhold

– Vi kjem aldri til å gløyme deg, Roger

Då to kvinner køyrde i sjøen i Ålesund, stupte redningsmann Roger Stenlund ut i det kalde vatnet i berre kjeledress. Han berga livet deira.

Magny Hoff og Signe Høydalsvik møtte redningsmann Roger Stenlund etter at dei heldt på å drukne

Det var eit sterkt gjensyn då Signe Høydalsvik og Magny Hoff møtte redningsmann Roger Stenlund.

Over to månader er gått sidan den dramatiske uverskvelden 15. november, då Magny Hoff og Signe Høydalsvik køyrde på sjøen etter ein serveringsjobb. Medan det kalde vatnet strøymde inn i bilen fekk dei varsla naudsentralen.

– Eg ropte høgare og høgare at dei måtte kome og hjelpe oss, fortel Høydalsvik.

Då kvinnene vart henta opp av sjøen var begge livlause og måtte gjenopplivast. Magny Hoff var klinisk død i ca 30 minutt og kjempa for livet i lang tid. Hoff er framleis innlagt på sjukehus, men gjer kvar dag store framsteg i opptreninga.

LES OGSÅ:

Bil i sjøen i Ålesund

Dei to kvinnene køyrde feil i uveret 15. november og hamna i sjøen.

Foto: Frode Berg

Sterkt møte

– Eg må nesten pynte meg litt når eg skal treffe att redningsmannen, smiler 69-åringen og dreg kammen gjennom håret. Litt sminke tar ho også på, før ho og Signe Høydalsvik kjøper blomar i sjukehuskiosken.

Berre få meter frå sjukehuset er basen til Lufttransport, der Roger Stenlund jobbar som redningsmann. I dag er den store dagen då kvinnene skal treffe att mannen som er årsaka til at dei er i live.

Og det er ikkje fritt for at det vert både hyling, klemming og litt tårer når Stenlund opnar døra og ynskjer Signe og Magny velkomen inn.

– Så kjekt å sjå dykk begge to, seier Stenlund med eit stort smil.

Sjølv om jobben hans er å berge liv, er det som skjedde på kaia utanfor Sunnmøre museum den kvelden slett ikkje daglegdags. Det å treffe pasientar i etterkant er heller ikkje noko han opplever ofte.

Vart berga frå drukning

Magny Hoff og Signe Høydalsvik måtte begge gjenopplivast etter ulukka. Magny kjempa for livet i lang tid etterpå.

Foto: Remi Sagen / NRK

Stod om minutt

Redningsmannen og teamet med anestesilege og sjukepleiar var på veg tilbake til sjukehuset frå ein konferanse i Ålesund, då dei fekk melding om at ein bil hadde køyrt på sjøen. Sju minutt tok det før dei kom til staden og Roger Stenlund hoppa i sjøen.

– Faktisk hadde eg på den den same kjeledressen som eg har i dag, seier Stenlund.

Den raude kjeledressen er slett ikkje optimal for dykking i iskaldt vatn. Ektremveret «Hilde» herja og det blåste 26 meter i sekundet denne kvelden. Stenlund visste at det stod om minutt for å berge liv.

God porsjon flaks

Takkekort til redningsmann

Redningsmann Roger Stenlund fekk både kort og blomar under møtet med kvinnene.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det første han såg då han dykka var venstrearma til Signe. Ho hadde prøvd å opne vindauget, men det stansa halvvegs. Dermed stakk ho handa ut i ein siste tanke om at redningsfolka ville sjå henne.

– Grunnen til at det gjekk så bra er at kvinnene sjølv varsla kvar dei var, og dermed kunne AMK-sentralen reagere raskt, seier Stenlund.

Det at redningsteamet var like i nærleiken med legebilen var også flaks. I uveret kunne ein ha risikert at dei var ute på andre oppdrag. Stenlund skryt også av politiet og brannvesenet som kom rask til staden og bidrog i redningsarbeidet.

– Det er eit under at dei overlevde. Alle naudetatane spelte ei viktig rolle som gjer at kvinnene sit her i dag, seier Stenlund. Han vil dele æra med kollegaene sine.

Evig takksame

Verken Magny eller Signe hugsar at Roger etter tur drog dei ut av bilen og sumde dei til ei flytebryggje, der helsepersonell utførte avansert gjenoppliving.

Likevel vil kvinnene ha eit spesielt forhold til redningsmannen.

– Tusen takk. Du er heilt fantastisk. Eg kjem alltid til å hugse deg, seier Magny Hoff.

Signe skryt også uhemma av Stenlund og klemmer handa hans hardt. No vil dei to venninne gle seg over livet og sjå framover. Og dei har ein ståande invitasjon om å besøke redningsmann Roger Stenlund på basen hans når dei måtte ynskje det.

Magny Hoff var klinisk død etter ulukka då bilen ho sat i hamna i sjøen. Dottera Tove Vadset er glad for at ho overlevde.