Hopp til innhold

Bilen hamna i sjøen- Magny var død i ein halvtime

– Det er eit under at eg lever, seier Magny Hoff (69). For to månader sidan heldt ho på å drukne i bilen som hamna i sjøen. Ho og venninna vart berga i siste liten.

Magny Hoff var klinisk død etter ulukka då bilen ho sat i hamna i sjøen. Dottera Tove Vadset er glad for at ho overlevde.

Magny Hoff har kome seg på beina etter ulukka der bilen hamna i sjøen. Dottera Tove Vadset er sjeleglad.

Det er fredag kveld, 15. november 2013. Den erfarne serveringsdama Magny Hoff og venninna Signe Høydalsvik (57) er leigd inn for å hjelpe til i ein festmiddag i lokala til Sunnmøre museum i Ålesund. Ute rasar uvêret «Hilde».

Dei to kvinnene vert ferdig med serveringsjobben tidleg, og skal køyre tilbake til oppdragsgivaren med pengar og utstyr då det fatale skjer. Bilen køyrer rett utfor kaia og hamnar i sjøen. Magny hugsar lite frå kvelden. Ho veit berre at dei ringer både naudnummeret og til hovmeisteren for å fortelje at dei sit i ein søkkande bil.

– Eg forstod ikkje kva som hadde skjedd før langt ut i desember, då eg kom til meg sjølv, seier Magny Hoff. Ho var klinisk død i nesten 30 minutt.

LES OGSÅ:

Prøver å opne dørene

Signe Høydalsvik hugsar alt som skjedde denne kvelden. Ho minnast at fordi vêret er så dårleg går ho og hentar bilen, medan Magny ventar ved inngangsdøra. Magny hastar inn i bilen medan regnet piskar rundt henne. I mørket køyrer Signe i feil retning. Plutseleg hamnar kvinnene i sjøen.

– Eg hadde heile tida kontakt med naudsentralen og ropte høgare og høgare at dei måtte kome for å berge oss, fortel Signe Høydalsvik.

Slit med skuldkjensle

Det er vanskeleg å snakke om hendinga og ho slit kvar dag med skuldkjensle fordi ho køyrde feil.

Dei to kvinnene prøver å opne dørene, men får det ikkje til. Vindauget på førarsida opnar seg nokre centimeter, og Signe stikk ut arma. Hennar tanke er at redningsfolka vil sjå handa hennar. Vatnet kjem sigande inn i bilen, men Signe kjenner ikkje at det er kaldt. Til slutt er bilen fylt av sjøvatn.

Hadde englevakt

To månader er gått og Magny Hoff er framleis innlagt på Ålesund sjukehus. Den første tida etter ulukka stod det blomstrar på tre bord frå familie, vener og naboar som ville vise omtanke til ho som låg og kjempa mot døden i respirator.

– Det er eit under at eg lever. Eg har hatt englevakt, seier 69-åringen.

No er det kampen for å vinne att styrken i kroppen som gjeld. Det inneber fleire økter med trening kvar dag. At ho i det heile teke kan sitje ved treningsapparatet og stadig legge tyngre vekter på føtene, var aldri sjølvsagt.

Bil i sjøen i Ålesund

Det var eit kraftig uver då dei to kvinnene køyrde på sjøen ved Sunnmøre museum 15. november 2013.

Foto: Frode Berg

Utan surstoff

Intensivlege Jens Bøen ved Ålesund sjukehus seier at sjansen for å overleve ei slik ulukke først og fremst avheng av kor lenge vitale organ er utan surstoff. Ein reknar med at hjerna får permanente skader etter berre fem minutt utan surstofftilførsel, medan andre organ kan tole det betydeleg lengre. Dermed kan folk overleve drukningsulukker, men med store mên. I Magnys tilfelle har ho kome frå ulukka heilt utan varige skader.

– Vi kan anta at ho hadde luft i delar av tida bilen var under vatn. Kanskje slutta ikkje hjartet å slå før langt ut i perioden, og ho fekk umiddelbar effektiv gjenoppliving, seier Bøen.

Dermed var truleg tida med oksygenmangel til organa innanfor det akseptable, og sjansane for å overleve var gode.

Roger Stenlund

Roger Stenlund er redningsmann og seier at det er eit under at Magny Hoff overlevde.

Foto: privat

Hadde oddsa mot seg

Redningsmann Roger Stenlund seier at det er eit under at Magny er på beina igjen.

– Ho hadde dei medisinske oddsa mot seg. Hjartet stod heilt i ro og då skal det mykje til å få det i gong att. Ho hadde også alderen mot seg, seier Stenlund. Han forklarar at jo yngre ein er i slike tilfelle, jo betre er det.

Kvelden 15. november er han og kollegaer på ein konferanse i Ålesund sentrum. På grunn av stormvarselet frå meteorologen veit redningsteamet at noko kan skje denne kvelden. Dei har også snakka om at dei kan oppleve å måtte gå i sjøen under uveret for å berge folk.

Naudmeldinga kjem

– Vi har køyrt berre i eitt minutt på veg tilbake til sjukehuset etter konferansen, då vi får meldinga om at ein bil har køyrt på sjøen, fortel Stenlund.

Han køyrer legebilen denne kvelden og har med anestesilege og sjukepleiar. På veg til ulykkesstaden rekk dei å legge ein plan, som inneber at Stenlund skal hoppe i sjøen og berge personane.

Gjenopplivar kvinnene

Sju minutt går før Stenlund og teamet er på plass. Bilen ligg om lag ein meter under vatn. Redningsmannen hoppar i sjøen og det første han ser er ei hand ut av vindauget. Det er handa til Signe.

– Eg prøver å få henne ut, men ho heng fast i bilen. Mykje krefter går med for å få henne ut og opp til flytebryggja, fortel Stenlund.

Signe er livlaus, men etter ei lita stund med hjarte-lungeredning frå teamet på land, pustar ho.

Magny Hoff

I over to månader har Magny Hoff vore innlagt på sjukehuset i Ålesund. No er ho under opptrening for å få att styrken i kroppen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Klinisk død

Magny ligg framleis i sjøen og Stenlund har problem med å få opp bildøra. No har også dykkarar frå Ålesund brannvesen kome til staden og saman klarer dei å få 69-åringen på land. Ho har ligge i vatnet i 8–10 minutt og er klinisk død. Helsepersonellet startar avansert hjarte og lungeredning.

– Vi bestemte oss for å ikkje gi opp og at vi skulle halde på så lenge det var forsvarleg, fortel redningsmannen.

I nesten ein halvtime utfører dei gjenoppliving på staden og held fram i ambulansen. Like før dei kjem til sjukehuset startar hjartet til Magny å slå. Ho er medvitslaus og vert lagt i respirator.

Familien var redde

For familien har det vore ei tøff påkjenning å ikkje vite om ho ville overleve. Dottera Tove Vadset var livredd for å miste mor si i ulukka.

– Det har vore heilt forferdeleg. Det gjekk lang tid før vi visste om ho ville overleve, seier Vadset. Magnys ektemann, Egil, dei tre døtrene og barnebarna vaka over sjukesenga og håpte det beste.

Supermann

Tove Vadset er takksam for at Roger Stenlund og redningsteamet tilfeldigvis var like i nærleiken då mora og venninna drukna. Ho tvilar på at andre kunne ha gjort det same.

– For ein supermann, seier Vadset og ler.

Familien skryt også av hjelpa dei har fått på sjukehuset. Ikkje berre følte dei at mora var i beste hender, dei kjende seg også godt ivaretekne som pårørande. No gler dei seg til at Magny vert så sterk at ho kan dra heim til ektemannen Egil Hoff.

– Eg og han brukar å vere mykje på sjøen å fiske, men eg trur ikkje at eg vert med på båttur med det første, seier Magny.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL