Hopp til innhold

Severin, refleks og alternativ solformørking

Kvardagstips, sjarmerande dyr og unike historier har skapt stort engasjement i året som gjekk. Sjå dei mest populære Facebook-videoane frå 2015.

SoMe-video som viser barn i mørket med refleks. Mye tekst på bildene.

Denne refleksvideoen er ein av dei mest sette og delte videoane på NRK Møre og Romsdal sine nettsider i 2015.

Nokre saker har fått meir merksemd i året som gjekk enn andre. Vi har samla nokre av høgdepunkta frå året som gjekk.

Severin

Det har ikkje mangla på tilbakemeldingane etter at Severin Rønes dukka opp på tv-skjermen igjen i mars 2015. Sakte-dokumentaren på NRK1 følgde einebuaren Severin i alle hans gjeremål på den veglause garden ved Storfjorden på Sykkylven, og vart ein stor suksess.

Fleire hundre tusen samla seg framfor tv-skjermen for å få eit innblikk i kvardagen til Severin, og hovudpersonen sjølv vart rikskjendis.

Her er nokre av dei beste Severin-augeblikka frå i fjor.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Er du ein av dei mange som rett og slett ikkje får nok av Severin? Her kan du lese alt om Severin. Og her kan du sjå serien.

Hallgeirs hemmelege perle i Geiranger

I NRK-serien «Folk» vart sjåarane kjent med limousin-gründeren Hallgeir Greger i Geiranger. I ti år har 54-åringen drive sitt eige limousin-selskap, i ei bygd med 260 innbyggjarar.

I ei årrekke har Greger vist fram den spektakulære naturen i Geiranger. I videoen viser han fram si eigne hemmelege perle.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Du kan lese meir om Hallgeir her. Han driv limousinutleige i ei bygd med 260 innbyggjarar

Solformørking med ein vri

I slutten av mars kunne dei fleste i Norge oppleve den største solformørkinga på 60 år. Fleire stadar i Møre og Romsdal var det så mykje skyer at mange ikkje fekk med seg solformørkinga.

For å sikre at alle skulle få sjå månen dekke sola, laga ein journalist i NRK Møre og Romsdal denne humoristiske videoen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

På dette tidspunktet har videoen over 700 delingar på Facebook.

Slik asfalterer Gud sin veg til hjartet

I Glimt-programmet Elieser- det flytande bedehuset vart vi i 2015 kjent med 17 år gamle Herman som jobbar som frivillig om bord i båten. Då han delte sin høgst uvanlege teori om korleis Gud lettast kunne finne vegen til hjartet fekk det internett til å koke.

Teorien kan du sjå her.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kvardagstips

Knølar du med å få opp plastposar på butikken? Då skal du sjå denne videoen. Det gjorde mange då den neste videoen vart lagt ut på NRK Møre og Romsdal si Facebook-side i oktober 2015. I løpet av eitt døgn nådde videoen med dette kvardagstipset ein halv million.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Videoen har i dag over 1300 delingar.

Refleks-videoen som tok av på nett

Berre ein av tre nordmenn brukar refleks i haustmørket, viser tal frå Trygg Trafikk. Statistikk frå Statens vegvesen viser at ein tredjedel av fotgjengarulukkene skjer i mørket. Halvparten av fotgjengarane som omkom i perioden 2005 til 2014, brukte ikkje refleks.

Å sjå fotgjengarar i mørket som går utan refleks, er nærast umogleg. Videoen som viser det, er sett av over 2 millionar visingar i sosiale medium. I tillegg har videoen blitt delt svimlande 65.000 gongar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Sjarmerande dyrehistorier

Husdyra til Stig Vesteraa frå Molde er ikkje som alle andre. Sauane Tor og Odin gir labb, elskar å gå tur og slappar av i sofaen på Holmarka gard i Molde. Dei to sauane følgjer matfar overalt og Vesteraa har trent dei så godt at sauane trur dei er hundar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Då eit rådyr i Halsa kom bort frå mora si, fann ho tryggleik i eit heilt anna dyr. Elghunden Remy blei som ein storebror for det vesle rådyret. I denne søte videoen møter vi dei to bestevennane.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Lidenskapleg opptatt av tog

I Devoldfabrikken i Langevåg finn vi fylkets, og eit av landets største modelljernbanen. Med ein boltreplass på 1.000 kvadratmeter tek «Pensens venner» sikte på å lage Nordens største modelljernbane-anlegg.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Dronebilder av skadd skog etter stormen Amy

Skogen blei rasert av «Amy»: – Det var eit sjokkerande syn