Hopp til innhold

– Ikkje sans for å samarbeide med FrP

Dystre oppslutnadstal for Venstre gjer at partiet lever farleg nært sperregrensa, men stortingsrepresentant Pål Farstad (V) har ikkje lyst til å samarbeide med FrP for å kome til regjeringsmakt.

Pål Farstad

Stortingsrepresentant Pål Farstad (V) frå Kristiansund vil ikkje at Venstre skal vise seg fram i regjering saman med FrP.

Foto: Trond Vestre / NRK

3,9 prosent oppslutnad på NRK si måling i januar plasserer Venstre under sperregrensa, noko som gir ein tilbakegang frå sju til to mandat, og det borgarlege fleirtalet ryk.

Abid Raja har foreslått at Venstre bør gå inn i regjering for å betre vise fram sin politikk før valet til hausten, men det stiller ikkje fylkesleiarane seg bak. Heller ikkje Møre og Romsdal sin stortingsrepresentant for Venstre, Pål Farstad, trur det er ei god løysing.

– Vi bør fokusere på Høgre, KrF og Venstre. Det er det vi bør gå til val på.

Høgre og KrF

Venstre har lege over sperregrensa på andre målingar den siste tida, men partiet lever farleg med tanke på å nå den viktige 4-prosentgrensa.

I går og dag har det vore møter mellom partileiinga, sentralstyret og Stortingsgruppa.

– Vi har hatt gode runder der vi har diskutert viktige saker for oss. Vi har også diskutert korleis vi ønsker å samarbeide, seier Pål Farstad.

– Stemninga i partiet er veldig i den retning at det er Høgre og KrF vi bør fokusere på.

Les også:

Veljarfråfall

Fram til Venstre sitt landsmøte som finn stad i Ålesund i månadsskiftet mars-april, vil det føregå diskusjonar i partiet og Farstad håper det vil kome noko konkret ut av landsmøtet.

Sjølv er han klar på kva han meiner om å samarbeide med FrP.

– Eg har ikkje sans for det og eg har ikkje teke til orde for det. Det kom også fram på den samlinga vi har hatt no, at eit slikt samarbeid ikkje har den tilslutnad som skal til.

Laster innhold, vennligst vent..

Farstad seier at i mange av sakene Venstre har samarbeidd med FrP om, så har det gått Venstre sin veg, både i fiskeripolitikken og landsbrukspolitikken, men at det er andre faktorar som gjer at det er Høgre, Venstre og KrF som bør tenkje saman.

Men dersom alternativet er å ikkje kome inn på Stortinget i det heile tatt, er det ikkje bedre å samarbeide og vise seg i regjering saman med FrP sjølv om de må svelje nokre kamelar?

– Nei. Det er det faktisk ikkje.

No skal Venstre finstille politikken sin, og gjere alt dei kan for å ikkje hamne under sperregrensa.

– Under sperregrensa skal vi ikkje og der trur eg ikkje vi kjem til å vere når det vert haust heller, seier Farstad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL