Hopp til innhold

Vil hogge opp gamle offshore-fartøy

Skip frå før år 2000 må gå til opphogging eller fjernast frå marknaden, seier Island Offshore-direktør.

Island Dawn

Fleire skip ligg i opplag langs kysten. Island Offshore har ingen skip som er eldre enn 2004, så for dei er det ikkje aktuelt å sende skip til opphogging, men Håvard Ulstein meiner det må ein nasjonal dugnad til for å fjerne skip som er eldre enn år 2000.

Foto: Arne Flatin / NRK

130 offshorefartøy er i opplag langs norskekysten. Ei samla næring meiner det er for mange skip på marknaden, spørsmålet er korleis ein skal gjere noko med det.

Håvard Ulstein meiner det må ein nasjonal dugnad til frå reiarlaga si side. Han synest dette er synd, men meiner ein må innsjå realitetane.

Håvard Ulstein

Håvard Ulstein i Island Offshore meiner det må ein dugnad til for å få ned talet på offshorefartøy.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det er mange gode skip i denne kategorien, men om ikkje krisa skal verte meir langvarig enn nødvendig må dei bort.

Bankane må med

Ulstein meiner også at bankane må kunne bidra til denne dugnaden.

– Bankane bør kunne stimulere til at skip vert sendt til opphogging, meiner Ulstein.

Han får støtte frå Bjørn Idar Remøy i Bourbon Offshore. Åge Remøy i REM Maritime er også samd i at noko må gjerast, men meiner dette er noko næringa, det vil seie reiarlaga sjølve, må ta ansvaret for.

– For å få balanse i marknaden er der berre to val. Enten må ein få auka aktivitet, noko som fordrar høgare oljepris over tid, eller ein må få skip ut av marknaden.

Mange av dei skipa som allereie er ute kjem aldri inn igjen då kostnaden ved ny klassing og opprusting gjer det for dyrt, skriv Remøy i ei melding til NRK.

Åge Remøy

Åge Remøy i REM Maritime meiner reiarlaga sjølve må bere ansvaret for at det er for mange skip på marknaden, og er samd med Håvard Ulstein i at ein må ned i talet på fartøy.

Foto: Arne Flatin / NRK

Åge Remøy seier at båtar bygde tidleg på 2000 talet er i dag gamle og er eller vert utfasa.

– Bankane vil ikkje ta denne kostnaden, det må næringa sjølv bere, med dei eventuelle konsekvensar det måtte innebere.

Også Njål Sævik i Havila meiner at talet på skip må ned.

Njål Sævik

Njål Sævik i Havila er samd i at grensa går ved år 2000 med tanke på gamle skip, men ingen regel utan unnatak, seier han.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Slik det ser ut i dag ligg nok grensa på rundt år 2000 på generell basis, men ingen regel utan unnatak, meiner Sævik.

Håvard Ulstein seier noko i alle fall må gjerast om ikkje krisa skal verte for langvarig. Han trur på eit tøft år også i 2018.

– Det er ein dugnad som må gjerast av reiarane, men eg meiner også at det er andre som bør bidra, mellom anna bankane fordi vi er i same båt alle saman, og viss ikkje denne krisa vert retta opp i vil dette ikkje gå bra på lang sikt heller, seier Ulstein.

Overkapasitet pregar marknaden

Eitt av dei mindre reiarlaga er Remøy Shipping. Karsten Sævik er administrerande diektør i selskapet. Han er klar over at det er ein overkapasitet i marknaden i dag i forhold til behovet.

– Så lenge marknaden er prega av ein slik overkapasitet vil kampen om oppdrag tydelegvis overskygge behovet for å oppnå berekraftig inntening. Aktørane ser då på kva det kostar å ha eit fartøy liggande i opplag, kontra kva driftskostnaden er, eksklusive finanskostnader.

Dette resulterer i ratenivå som stort sett ligg på halvparten av det som er berekraftig, og som tilseier at reiarlaga ikkje greier å betene låna sine. Dei er dermed avhengige av å få på plass avtalar om nye avdragsprofilar i låneavtalane for ein periode, og håpe at marknaden er tilbake før perioden går ut, seier Sævik.

Karsten Sævik

Karsten Sævik er adm.dir. i Remøy Shipping. Han meiner det er eit viktig spørsmål kven som står att når marknaden kjem tilbake. Det er eit vesentleg spørsmål for lokalsamfunna, meiner han.

Foto: Remøy Shipping

Karsten Sævik viser til at primærdrivaren for supply (PSV) og ankerhandteringsfartøy (AHTS), er riggane. Og så lenge det er låg riggaktivitet vil det også vere liten etterspørsel etter PSV og AHTS.

– Dess lenger tid som går før riggaktiviteten vert teken opp att, dess større vil terskelen for fartøy som ligg i opplag vere for å få dei inn igjen i marknaden, seier han.

Sævik er også positiv til at bankane må kunne bidra her, slik Håvard Ulstein foreslår.


Bankane som pådrivarar

– Viss bankane kan vere pådrivarar og pushar fartøy over til andre næringar, eller at dei er pådrivarar for at eldre fartøy vert sende opphogging, så er det bra.

Eg reknar det som sannsynleg at dei då sit som kreditor for ein del av denne tonnasjen, og har det endelege ordet i forhold til kva som skal skje med desse fartøya vidare.

Eit viktig spørsmål er uansett kven som kjem til å vere blant aktørane når marknaden kjem tilbake igjen, og kva for nokre selskap som har klart å halde ved like kompetansen og kapasiteten til å drive desse fartøya.

– For lokalsamfunnet vårt er det ikkje likegyldig kven dette vert, meiner Karsten Sævik

Offshoreskip i opplag

Offshoreskip i opplag er eit ganske vanleg syn langs kysten.

Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL