Søskenflokken frå Søre Sunnmøre har fortalt om ein barndom der dei var utsett for omfattande mishandling frå faren. Dette skjedde både på 1960-, 70- og 80-talet.
Dei meiner kommunane dei budde i, Ulstein og Hareid, burde ha gjort meir for å stoppe det.
Sveinung Vikene, Hilde-Kristin Korsnes og Linda Vikene Strand sat på benken bak advokaten sin då saka gjekk for Frostating lagmannsrett første gong.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKEgil og Margareth Øverlid er dei som har prata mest offentleg om rettssaka og det som hende med søskena i oppveksten.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Lagmannsretten dømde Ulstein og Hareid kommunar til å betale erstatning til dei to yngste søskena i mars 2023.
- Dei eldste fekk ikkje erstatning, men Høgsterett har oppheva denne delen av dommen. Dermed får dei prøve saka for Frostating lagmannsrett igjen.
Saka har gått fram og tilbake i rettssystemet heilt sidan 2018. Denne gongen er det sett av åtte dagar til anke-saka, frå tysdag 19. mars.
– Denne saka har trekt ut i svært lang tid. Så det er klart at det er ei belastning og det har vore ei belastning over svært mange år, seier advokat Tonje Lilaas Larsen.
Tonje Lilaas Larsen representerer søskena saman med Mette Yvonne Larsen. Bildet er under rettssaka i lagmannsretten i 2022.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK– Men samtidig er dei glade for at Høgsterett oppheva den uriktige dommen, slik at dei får ei ny moglegheit til å få ein korrekt dom. Og så håper dei dette er siste runde, seier ho
Ho representerer søskena saman med Mette Yvonne Larsen.
Fleire rundar i retten
Saka om oppveksten til Sveinung Vikene, Hilde-Kristin Korsnes, Linda Vikene Strand, Egil og Margareth Øverlid kom for første gang fram i lyset etter ein artikkel i lokalavisa Vikebladet Vestposten og Sunnmørsposten i 2019.
Då Øvrelidsøskena møtte advokaten sin for å ta opp saka året før, var det første gang på over 40 år at dei alle var i lag.
No har rettssakene samla søskenflokken igjen og igjen.
Dei fem søskena saksøkte Ulstein kommune fordi dei meinte at ingen instansar greip inn då dei vaks opp med fysisk og psykisk mishandling.
Dei to yngste søskena saksøkte også Hareid kommune, der familien flytta etter at mora deira omkom i ei trafikkulykke i 1977. Dette fordi mishandlinga heldt fram også etter at dei flytta.
Syskena saksøker kommunane
I 2018 saksøkte syskena, ved hjelp av advokat Mette Yvonne Larsen, Hareid og Ulstein kommune og bad om erstatning.
Er saka forelda?
Tingretten sa då at dei ikkje ville behandle saka fullt ut før dei hadde svar på om ho var forelda – altså at det som hadde hendt var for lenge sidan til at retten kunne seie noko om det.
Ja!
I oktober 2020 kom retten fram til at saka var forelda.
Øvrelid-syskena anka avgjerda til lagmannsretten.
Ikkje forelda likevel
Lagmannsretten meinte våren 2022 at saka ikkje var forelda og at syskena dermed kunne be kommunane om erstatning.
Høgsterett sa nei
Hareid og Ulstein kommune anka avgjerda til Høgsterett. Dei sa likevel nei til å sjå på saka, fordi ho ikkje var prinsipiell nok.
Ei full rettssak
Dermed vart erstatningssaka fullt ut behandla i Frostating lagmannsrett like før jul 2022 – fire år etter søksmålet kom.
- Josef Benoni Ness Tveit
Dom i lagmannsretten
Dommen i Frostating lagmannsrett kom i mars 2023: Dei to yngste syskena fekk erstatning frå kommunane. Dei tre eldste fekk ikkje erstatning. Avgjerda blei anka til Høgsterett.
- Josef Benoni Ness Tveit
Opphevar dommen
I september 2023 blei det kjent at Høgsterett opphevar heile dommen frå lagmannsretten for dei tre eldste syskena. Dei fekk dermed opp saka si til ny behandling i Frostating lagmannsrett våren 2024.
- Mia Sofie Ytreberg / NRK
Fekk erstatning
I juni kom Frostating lagmannsrett til at også dei tre eldste syskena hadde rett på erstatning. Dei fekk om lag 6,6 millionar.
- Josef Benoni Ness Tveit
Kommunen anka
I juli 2024 bestemte kommunestyret i Ulstein at dei også ville anke denne dommen.
- NRK
Får ikkje fremma anken
26. november 2024 har Høgsterett bestemt at dei ikkje vil behandle ankesaka. Dermed må Ulstein kommune ut med millionar.
Med dette er det sett endeleg punktum for saka etter fleire år i rettssystemet.
Brot på Den europeiske menneskerettskonvensjonen
Denne gangen vil Frostating lagmannsrett konsentrere seg om erstatningskravet som handlar om at kommunane ikkje gjorde nok for dei tre eldste søskena. Saka til dei to yngste blei avgjort i førre rettsrunde.
– Høgsterett gir nokså klare føringar om kva som gjekk gale sist. Det handlar om kva moglegheiter kommunen hadde til å gripe inn, og kva betydning det ville fått for oppveksten til søskena, seier Tonje Lilaas Larsen.
Ho meiner difor den nye runden i retten vil gi eit anna utfall enn sist.
– Det var feil å bygge på at mor kunne ta vare på barna under det regimet ho sjølv var utsett for frå far. Så vil vi gjere gjeldande at kommunane skulle overtatt omsorga for barna, seier Tonje Lilaas Larsen.
Frostating lagmannsrett 21. desember 2022.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKRetten skal også ta stilling til erstatningskravet frå alle fem for brot på Den Europeiske menneskerettskonvensjonen, EMK.
– Vi meiner at kommunane er meir å klandre enn det som blei lagt til grunn av lagmannsretten sist, slik at det også er tale om krenkingar av Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 3. Og det gjeld for alle søskena, seier ho.
Trist sak
Advokaten til Ulstein og Hareid kommunar, Terje Marthinsen, seier dei skulle ønske det hadde blitt sett punktum i denne saka på eit tidlegare tidspunkt.
– Dette er ei trist sak som har vore alt for lenge til behandling i rettsapparatet, seier han.
Terje Marthinsen i Frostating lagmannsrett i desember 2022. Han representerer Ulstein og Hareid kommunar i retten også denne gongen.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKLikevel har det ikkje vore aktuelt for kommunane å inngå forlik før rettssaka.
– Sjølv om Ulstein og Hareid kommunar meinte det var klare feil innanfor dommen frå lagmannsretten, valde dei faktisk å akseptere avgjerda for å bidra til å sette eit punktum i saka. Søskena ønska ikkje å sette punktum, og det må kommunane akseptere, seier han.
Han legg til at kommunane betalte ut erstatningssummen dei var blitt dømt til å betale, før ankefristen gjekk ut. Dette trass i at dei var ueinige i avgjerda.
– Kommunane var då tydelege på at dei ønska å sette det punktum som hadde blitt etterlyst, seier Marthinsen.