Hopp til innhold

Færre konkursar i Møre og Romsdal

Nedgangen i konkursar i april var på 50 prosent i vårt fylke. Men regiondirektør i NHO, Torill Ytreberg, trur framleis mange slit etter finanskrisa.

Torill Ytreberg

Torill Ytreberg er glad for at talet på konkursar går ned.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I årets tre første månader viser tal frå Brønnøysundregistrene at talet på konkursar og tvangsavviklingar i Møre og Romsdal gjekk ned med 6,2 prosent. Og apriltala er endå meir oppløftande. Medan 20 gjekk konkurs i april i fjor, leid 10 same skjebne i år. Regiondirektør Torill Ytreberg er glad for utviklinga.

– Eg trur grunnen til at det har vore ein nedgang i vårt fylke, er at næringslivet er så eksportretta. Då har låg kronekurs og låg rente gjort tilhøva betre for mange av bedriftene, seier Ytreberg. Møre og Romsdal er det 3. største eksportfylket i landet.

LES OGSÅ:

Mange slit

Statistikken viser store forskjelar frå fylke til fylke og fleire hadde ein auke i talet på konkursar og tvangsavviklingar i første kvartal. Akershus (+43), Oslo (+17), Vestfold (+27), Troms (+32) og Nord-Trøndelag (+28,1) er døme på fylke som har oppgang.

Sjølv om Møre og Romsdal har færre konkursar, trur Ytreberg at mange slit økonomisk.

– Vi er framleis inne i etterdønningane etter finanskrisa. Her er mange som slit og som har klart seg lenge på ein god eigenkapital. Men når kassa er tom, går dei konkurs, seier Ytreberg.

Utfordringar i fastlandsnæringa

Det er ofte bedriftene som er fastlandsretta og ikkje jobbar inn mot petroleumsnæringa, som har dei største utfordringane.

– Det viktige no er at vi har lav kronekurs og låge stabil rente i tida framover. Skjer ikkje det, vil fleire få problem, seier Ytreberg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL