Hopp til innhold

Krohn Air er konkurs

Krohn Air starta flygingane frå Molde i 2010. Eigar Claus Krohn vil ikkje kommentere konkursen.

Krohn Air

Onsdag 5. februar gjekk Krohn Air konkurs. Selskapet vart starta av flygründer Claus Krohn (80) for å dekkje inn for SAS sitt rutetilbod mellom Trondheim og Molde.

Foto: Herskedal, Kjell / NTB scanpix

Hjå Brønnøysundregistra vert det opplyst at Øyvind Meisingset er bustyrar. Første skiftesamling blir den 17. mars.

Tysdag melde selskapet om at dei ville kansellere alle flygingar inn til vidare. Passasjerar med billettar får refundert desse, opplyste marknadssjef Roy Uren til NRK.

Flygründaren Claus Krohn (80) etablerte Krohn Air då SAS la ned flygingane mellom Molde og Trondheim i 2010. Selskapet har ikkje eige løve til å drive flyselskap, men kjøper tenesta frå AIS Airlines.

Det har ikkje lukkast NRK i å få tak i bustyraren eller marknadssjef Roy Uren etter at konkursen vart meldt.

Sjå TV-portrettet av flygründeren Claus Krohn frå 1. mars 2013:

I framtida vil luftfarta verte dominert av nokre få gigantiske flyseslskap. Kortbanerutene kan derfor verte ein godt marknad for dei aller minste. Det spår den 80 år gamle fly-gründeren Claus Krohn frå Molde. Vi vart med han opp i det blå.