Hopp til innhold

Færre arbeidsledige

Oljenedturen set sine spor når det gjeld arbeidsløysa i Møre og Romsdal, trass i at det har vore ein nedgang i talet på arbeidsledige sidan nyttår.

NAV

NAV sin månadsrapport viser nedgang i talet på arbeidsledige i 2017.

Foto: Morten Holm / NTB scanpix

Både i januar og februar har det vore ein nedgang i arbeidsløysa. I februar har utviklinga vore betre her enn i resten av landet, det viser tal frå NAV Møre og Romsdal.

Framleis er det i Kristiansund samt i Herøy, Ulstein og Hareid det er størst arbeidsløyse.

Stein Veland

Stein Veland er fylkesdirektør i NAV

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi er blant dei fylka som har vore råka hardast av oljenedturen, og difor har vi fått økonomiske rammer til å auke bruken av tiltak, spesielt mot prioriterte grupper som ungdom og innvandrarar, seier fylkesdirektør Stein Veland i NAV.

Flest menn ledige

Tal frå NAV syner at det i februar var det 4802 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Arbeidsløysa er no 2,3 prosent for kvinner og 4,3 prosent for menn.

I februar var det 1114 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak. Det var 333 fleire enn i februar 2016. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 5 916 personar i fylket.

I landet er 3,1 prosent av arbeidsstokken arbeidsledige, Møre og Romsdal ligg litt høgare med 3,4 prosent.

Barentshavet boring

Møre og Romsdal er blant dei fylka som har vore råka hardast av oljenedturen.

Foto: Aleksander Nordahl / DN

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL