Denne morgonen var det som om «Gyda» hadde skrudd igjen kranene. Regnet som hølja ned i to døgn tok pause, og geologane konkluderte med at skredfaren på Sjøholt var over.
Petter Norvik og Olga Kjønnø kunne setje seg i bilen og køyre den knappe mila frå Ørskogfjellet Fjellstove og heim. Oppe på fjellet hadde dei og seks andre bebuarar frå Bjørndalen budd, etter at dei blei evakuerte frå heimane sine ved 22-tida onsdag kveld.
– Det var godt å få kome heim, seier Olga. Ho og mannen Petter har funne seg godt til rette i heimen oppe i lia ovanfor Sjøholt i Ålesund.
– Og huset sto no på same plassen som før, humrar Petter.
Skredfare
Det var ved 22-tida onsdag kveld at bebuarar i Bjørndalen på Sjøholt oppdaga at grunnen ved husa var blitt ustabil. Jord og leire rasa ned lia i eit 5–6 meter breitt skredløp. Bebuarar frå 16 heimar blei evakuerte. Ifølgje folkeregisteret bur det 29 personar i desse husa. Dei fleste fann seg overnattingsstad på eiga hand. I underkant av 10 personar blei innlosjerte på Ørskogfjellet Fjellstove.
Skråninga frå Sjøholt sentrum og eit stykke opp mot fjellet består av det geologane kallar marine avsetningar frå istida. Det betyr at deler av området er sand, grus og leire som kan vere skredfarleg når elvar og bekkar fløymer over og lagar nye løp.
– Ei ny oppleving
Evakueringa kom overraskande på familien i det kvite huset oppe i lia på Sjøholt. Plutseleg var det mange utrykkingskøyretøy med blålys i gata, og frå stovevindauget kunne dei sjå at folk undersøkte hagen på naboeigedomen.
– Vi skjønte at noko var på gang då politiet banka på døra og bad oss trekke oss ut. Dette var ei ny oppleving for oss. Vi har aldri vore evakuerte før, seier Petter Norvik.
– Det gjekk eigentleg veldig fort. Så når vi fekk beskjed så var det berre å gjere slik vi fekk ordre om. Vi følte eigentleg ikkje at vi var i noko fare. Det var nok verst for dei som bur aller nærast der raset gjekk, seier Olga Kjønnø.
– Og det er veldig bra at dei som bestemmer har brukt «føre-var-prinsippet». Det kunne ha vore for seint å bli evakuert etter at eit stor-ras har gått., legg Petter Norvik til.
Mange evakuerte
Bebuarane i Bjørndalen-feltet på Sjøholt var slett ikkje dei einaste som måtte evakuere som følgje av ekstremvêret «Gyda». På Gjøra i Sunndal måtte ein nyetablert familie flytte frå garden.
I Eresfjord i Molde kommune blei 44 personar evakuerte då Dokkelva blei flaumstor. Også desse har fått lov å flytte heim igjen no.
I Surnadal fløymde elva Surna inn på ein campingplass og tok med seg plattingar og utstyr. Og på Vinjeøra i Heim kommune blei hovudvegen E39 fullstendig rasert. I den same kommunen måtte 400 smågrisar slaktast som følgje av flaum i ein fjøs.
Lysare tider
No ser paret på Sjøholt framover mot lysare tider. Rett nok skal det regne jamt i minst ei veke framover. Men dei held fast ved håpet om at vêret roar seg for vinteren.
– No er det ikkje mange dagane før sola kjem tilbake over fjella. Og så ser vi fram til at det skal bli sommar, skrattar Petter Norvik.