Hopp til innhold

No må ho evakuere med barn og hestar - elva kan fløyme over

Familien har ikkje budd i bygda lenger enn i tre månader. No evakuererer dei på grunn av den truande elva.

Maj Kristin Tøftvang-Furuvald må evakuere frå huset sitt ved Gjøra i Sunndal

Maj Kristin Tøftang-Furuvald måtte reise frå gard og grunn i ettermiddag. Elva Driva er ikkje nådig om ho går over sine breidder. Då er det best å ikkje stå i vegen.

Foto: Remi Sagen / NRK

To bustadhus på Gjøra i Sunndal blir evakuert, fordi det har danna seg ein ispropp i elva Driva.

For tobarnsmora Maj Kristin Tøftvang-Furuvald blei det ein stressande ettermiddag etter jobb.

– Eg har ikkje fått gjort noko anna enn å organisere flytting av hest og ungar og alt vi må ha med oss, seier Tøftvang-Furuvald.

Familien kom flyttande frå Telemark til Sunndal i oktober. I ettermiddag måtte ho og mannen forlate hus og heim med to barn, to hestar, hund og kanin.

Ispropp i elva Driva i Sunndal

Dennne isproppen i elva Driva i Sunndal skaper bekymring.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Rår folk til å dra

NVE har følgt med på isproppen i elva Driva i lang tid, men no er flaumfaren så stor at dei anbefaler ikkje folk å bu der.

– Faren er vatn på avvege og dersom isen kjem i bevegelse er det ikkje godt å seie korleis den oppfører seg i sin ferd forbi området, seier ordførar Ståle Refstie. Det bur til saman fem personar i dei to husa og dersom dei har behov for hotell, ordnar kommunen det.

– Dei er vande med at det kan ligge isblokker i elva, seier Refstie.

Ståle Refstie

Ståle Refstie (Ap) er ordførar i Sunndal kommune.

Foto: Remi Sagen / NRK

Sikra metallplater i vinden

I Kristiansund rykte brannvesenet ut for å sikre lause metallplater som flaug i vegbanen ved Norsundbrua.

– Platene som har blåst har heldigvis ikkje treft verken bilar eller folk, så det har godt bra, seier Jan-Rune Lillebø. Han er vaktleiar ved 110-sentralen i Møre og Romsdal.

Hurtigruta ligg til kai

Uveret får også konsekvensar for trafikken på sjøen. Fleire av anløpa til Hurtigruten er kansellert. I Trondheim ligg både sørgåande og nordgåande hurtigrute til kai på ubestemt tid, melder Adresseavisen.

– Tryggleiken til gjestar, mannskap og skip kjem først, skriv Martin Henriksen i Hurtigruten AS i ein e-post til avisa.

Også ei rekkje ferjer er innstilt langs kysten og vegar og fjellovergangar er stengde.

Politi ved Vollan i Sunndal

Politiet følgjer med på situasjonen i Sunndal.

Foto: Remi Sagen / NRK

Miste straumen

Ekstremvêret «Gyda» har fått NVE til å senda ut varsel om flaum, og jord-, sørpe- og flaumskred på det høgaste nivået.

Fleire stader er folk utan straum. I Sykkylven er 214 personar utan straum, opplyser Sykkylven Energi. Det er ein feil i eit høgspentanlegg. Også i Ålesund var det feil i i det elektriske nettet. No har dei fleste av dei 400 kundane fått att straumen.

Flyttar opp i høgda

Familien som no evakuerer i Sunndal, vil søke tilflukt på familiegarden lenger oppe i dalen. Der kan dei bu trygt til elva Driva har normalisert seg igjen.

– Vi har sett heile vegen at det har blitt meir nedbør og at isen krabbar seg oppover, seier Maj Kristin Tøftvang-Furuvald.

Onsdag ettermiddag forlet dei husa sine.

Familie på evakuere på grunn av ispropp i elva Driva

Familien på fire, med to hestar, hund og kanin forlet heimen sin onsdag ettermiddag etter råd frå kommunen.

Foto: Remi Sagen / NRK