Hopp til innhold

Over 300 sauer blir redda frå vassmengdene i Surnadal

Elva Surna har gått over sine breidder og svømt over campingplassar og gardar. Ein bonde må evakuere sauene sine frå flaumen.

Evakuerer sauer frå gard i Surnadal pga Gyda

Her køyrer dei sauene ut frå fjøsen i vatnet i Surnadal. Planen er å flytte dei til ein gard i nærleiken.

Foto: Elisabeth Mo

Det er så mykje vatn i Surnadal at det er fare for sauefjøsen til Harald og Helga Krangnes. Då vatnet kom opp i bingane i fjøsen, der dyra står, måtte familien flytte dei 330 sauene.

– Dette her er livsverket vårt. Det er så forferdeleg. Det er kjempevondt, seier Helga Krangnes.

Sauer evakuerast frå fjøs i Surnadal pga Gyda

Familien torde først ikkje å flytte sauene, fordi dei heldt fjøsen på plass. Til slutt hadde dei ikkje noko val.

Foto: Elisabeth Mo

Var redd fjøsen skulle ryke

Då vatnet først byrja å kome opp mot fjøsen, torde dei ikkje å flytte dyra. Vekta av dei var nemleg med på å halde fjøsen på bakken.

Håvard Krangnes er bekymra for sauefjøsen til faren

Håvard Krangnes seier at dei ikkje tør å ta ut sauene no.

Foto: privat

– Sauefjøsen held på å komme opp frå grunnen. Vi tør ikkje ta ut sauene. Dei er med på å halde på plass fjøset så det ikkje flyt opp, sa sonen Håvard Krangnes.

No må sauene likevel ut av fjøsen, og blir flytta til ein gard i nærleiken.

Krangnes driv også campingplass, der vatnet står godt opp til hyttene.

Tatt på senga

Gerald Greve driv Brekkøya camping, der vatnet står opp til plattingen på campingvognene.

– Vi er tatt på senga. Det starta på morgonen. Vi har aldri sett elva så stor, seier Greve. No prøver han å finne ut kor mykje som er øydelagt av vatnet. Han fryktar at skadeomfanget er stort og han er også bekymra for sitt eige hus.

Brekkøya camping er oversvømt.

Brekkøya camping er oversumt.

Låvetaket blåste av

Vêret har også skapt drama for ein bonde i i Hedalen i Sør-Aurdal. John Breen Aspholt og familien opplevde at heile taket på låven blåste av torsdag morgon. Dei låg og søv då det skjedde.

Vi vakna av eit veldig brak, seier John Breen Aspholt. I låven er det 33 sauer, men dei er i første etasje og har framleis tak over seg.

Han, kona Hege og dottera deira på 13 år har soverom i andre etasje i huset, men onsdag kveld var uveret såpass ille at dei ikkje turte å sove der. Dei drog madrassane ned i første etasje. Då det small trudde dei først det var i huset, før dei skjønte at det var låvetaket.

Eg har ikkje turt å gå og sjå enda. Men sauene står nok heilt trygt, seier han.

Låvetak i Hedalen blåste av i uværet Gyda.

Låvetaket i Hedalen i Sør-Aurdal blåste av.

Foto: Hege Breen Aspholt

Evakuerte 44 personar

Uveret har også ramma bygda Eresfjorden i Molde. 44 personar blei evakuerte frå husa sine i Eresfjord natt til torsdag, fordi elva Dokkelva kan fløyme over. Mellom 04 og 04.30-tida i dag gjekk det også eit ras over fylkesveg 660 mellom Eidsvåg og Eresfjord.

– Vi måtte sperre vegen og politiet ventar no på dagslys for å sjå området der raset har gått, seier brannmeister Stig Even Kvernberg i morgontimane.

Bil i elva Surna under ekstremvêret Gyda
Foto: Gerald Grewe
Bildet frå ekstremvêret Gyda sine herjingar i Møre og Romsdal.

Blei evakuert

Dokkelva blir overvaka og det blir fortløpande vurdert om fleire skal bli evakuert, ifylgje Arnt Ove Rød, som er innsatsleiar i politiet.

Odd Viken bur i eitt av husa som ligg nærast elva, og er no evakuert til Kavli Moen Gård.

– Det er ikkje noko triveleg. Viss det skjer noko, så kan det bli skikkeleg alvorleg, seier han.

Odd Viken er evakuert på Kavli Moen Gård.

Odd Viken bur nærast elva som no kan gå over sine breidder i Eresfjorden.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Har stige fort

Ordføraren i Molde kommune, Torgeir Dahl, seier dei følger nøye med på elva no og måler vasstanden ein gong i timen. I går kveld steig vatnet fort.

– Vi ser at Dokkelva har stige med meir enn ein meter sidan klokka sju i kveld. Vi veit at historisk så kan den gå over sine breidder, og trur også at det kan skje no, sa Dahl onsdag kveld.

Det var først meldt at 90 personar var evakuerte, men kommunen har seinare nedjustert det til 44 personar som har blitt evakuerte frå to bustadområde i Eresfjord i Molde.

Både brannvesenet, Norsk Folkehjelp og sivilforsvaret har bistått politiet i evakueringsarbeidet.

Dei fleste evakuerte bur no hos venner og familie, og rundt halvparten av dei er innlosjerte på Kavli Moen Gard i Eresfjorden.

Evakuering

Rune Toven og Svein Olav Vassli frå Folkehjelpa i Nesset tar i kveld imot rundt 90 personar som flyttar inn på Kavli Moen Gård.

Foto: Bjørn M. Øverås

– Her kan dei sove og etter kvart blir det litt mat, seier Rune Toven, som er beredskapsleiar i Norsk Folkehjelp. Saman med Sivilforsvaret hjelper dei til med evakueringa.

Evakuering fleire stadar

Lenger nord i fylket blei også to husstandar evakuerte onsdag fordi ein ispropp i elva Driva medførte fare for flaum.

Og lenger sør i fylket blei folk frå Ørskog på Sunnmøre evakuerte på grunn av fare for jordras.

– Vi har evakuert eit tosifra tal i Ørskog sentrum, seier Per Ivar Hovden, innsatsleiar i Politiet.

Politiet på plass på Sjøholt i Ørskog i forbindelse med jordras. Fleire hus er evakuerte.

I Ørskog blei fleire evakuerte etter fare for ras.

Foto: Terje Reite / NRK

Det gjekk eit ras i eit ganske bratt terreng i Ørskog sentrum, og brannvesenet seier det er fare for at det kan rase ut meir. 16 hus på nedsida av raset er evakuerte.

Jordras på Sjøholt på grunn av ekstremvêret Gyda

Slik ser det ut på Sjøholt i Ørskog i Ålesund kommune. Det har gått eit jordras, og brannvesenet fryktar at det skal rase ut meir.

Foto: Joachim Olsvik / Politiet

– Det regnar stadig meir også, så vi ser så usikre at vi har vald å evakuere området heile natta, sa Hovden onsdag kveld.

Per Ivar Hovden, innsatsleiar i politiet

Per Ivar Hovden i politiet på plass i Ørskog.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Dei evakuerte blei flytta til turisthytta på Ørskogfjellet. Det skal vere ein del overflatevatn i området, og ein geolog skal undersøke raset i dag.

Fløymer over

Høgebrua i Åmdalen heldt også på å gå over sine breidder i går. Her fryktar dei at brua kan ryke med.

Mange elver går høgt.

Også Jonny Fostervold i Istad fekk kjellaren full av vatn onsdag kveld. Brannvesenet blei kontakta av fleire som trong hjelp til å få unna vatn i kjellarar.

Jonny Fostervold med kjelleren full av vatn.

Vatn i kjellaren til Jonny Fostervold

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK