Hopp til innhold

Erik (3) og familien sparka i gang tv-aksjonen i Ålesund

Med hjelm og på sparkesykkel gjorde Erik Walderhaug Lange (3) ein innsats søndag ettermiddag for å samle inn pengar til regnskogen.

Erik Walderhaug Lange og resten av familien

Erik Walderhaug Lange fremst. Tilje Herje og Luna Walderhaug Lange i 2. rekkje. Axel Lange og Linn Walderhaug danna baktropp.

Foto: Synnøve Hole

"Vil du støtte regnskogen?" sa Erik Walderhaug Lange (3) forsiktig, men bestemt, då han søndag ettermiddag bidrog som bøsseberar i Ålesund.

Saman med storesystera, venninna hennar og foreldra samla han inn pengar på Klipra, like ved Ålesund sentrum.

Pengane frå årets innsamlingsaksjon går til å støtte regnskogen, for å hindre at han blir borte, forklarte Luna Walderhaug Lange (8). Ho har vore med to gongar før, og er erfaren med bøssene.

Trur folk vil gje trass i vanskane i næringslivet

I år går pengane frå årets TV-aksjon til å bevare eit regnskogområde større enn Noreg og Danmark til saman. I fjor kom det inn 250 millionar til Kirkens Nødhjelp.

Klokka 17.30 er det kome inn over 33 millionar kroner. Familiefar Axel Lange trur ikkje vanskane i det lokale næringslivet vil føre til at folk vegrar seg for å gje.

– Eg trur det skal gå greitt, dei fleste klarer nok å avsjå nokre småpengar likevel, seier han.

Les også:

Vil at borna skal vite kor heldige dei er

Søndag formiddag gjekk familien først på søndagstur, deretter ut i ålesundsgatene for å samle inn pengar. Linn Walderhaug meiner det er viktig.

– Det er viktig for borna å vite kva som skjer i verda og korleis vi kan vere med å hjelpe når vi er så heldige at vi har det så godt som vi har det, seier ho. Det er tredje gongen familien er med som bøssebærarar.

Manglar 25 bøssebærarar i Kristiansund

Marius Hammer

Fylkesaksjonsleiar Marius Hammer oppmodar kristiansundarar søndag ettermiddag om å melde seg som bøssebærarar.

Foto: Synnøve Hole

For få dagar sidan mangla TV-aksjonen 150 bøssebærarar i Møre og Romsdal. Søndag ettermiddag har det strøymt på, og no manglar det berre 25 i Kristiansund. Fylkesaksjonsleiar Marius Hammer seier han trur folk har vakna.

– Eg trur folk skjønar at vi hjelper folk som bur i regnskogen, og gjer vi det, hjelper dei også. Regnskogen stabiliserer klimaet, og gir oss mat og medisinar som vi treng, seier Hammer.

Les også:

Håper på ein hundrings i bøssa

Venninna Tilje Herje (8) seier ho håper folk skal seie ja når dei søndag ettermiddag bankar på dørene i Ålesund. Og at dei kanskje gir 100 kroner kvar.

– Då vil eg seie tusen takk, smiler ho.