Hopp til innhold

Er redd at norske sjøfolk ikkje blir brukt

Nye reglar gjer at reiarlag som flaggar heim skip, får tilskot for kvar nordmann om bord. Norsk Sjømannsforbund fryktar at reiarlaga likevel vel utanlandsk arbeidskraft.

Solstad Offshore

Solstad offshore skal flagge heim ni skip etter den nye regelendringa kom. Norsk sjømannforbund er redd for at det likevel ikkje blir fleire norske arbeidsplassar.

Foto: Solstad Offshore

1. mars tredde ei ny tilskotsordning i kraft for å sikre sysselsetting av norske sjøfolk. I mange år har norske skip flagga ut for å få bruke billegare utanlandsk arbeidskraft. Til gjengjeld har dei ikkje fått operere på norsk sokkel. No gjer lovendringa at skipa som flaggar heim får gjere begge deler.

– I diskusjonen i forkant var det ein klar føresetnad at det skal vere minst 12 nordmenn om bord på kvart skift, og at desse nordmennene skal følge med båten når den går ut av norsk farvatn. Dette kravet er ikkje reflektert i forskriftsendringa, hevdar Jonny Hansen. Han er leiar i Norsk Sjømannsforbund.

Ifylgje Hansen blir det dermed opp til reiarlaga om dei vil bruke nordmenn om bord.

LES OGSÅ:

Seglar utan nordmenn

– Mange NIS-registrerte båtar seglar utan ein einaste nordmenn, så dersom reiarane har tenkt å snu den trenden, er det positivt. Det står att å sjå, seier Hansen.

Langs kysten ligg om lag 100 offshoreskip i opplag. På grunn av låge oljeprisar er aktiviteten i Nordsjøen mindre.

– Det vi er spente på er om oljeselskapa pressar kostnadene så langt ned når aktiviteten tar seg opp att, at reiarane må bemanne båtane med billegare arbeidskraft.

Så nye tilskotsordningar betyr ikkje at det nødvendigvis vert fleire nordmenn om bord?

– Vi veit jo at det internasjonale lønsnivået for underordna besetning er så lav, at sjølv med full nettløn, er nordmenn dyrare, seier Hansen. Han fryktar at skipa dermed kjem til å ha berre utanlandsk mannskap, sjølv om dei har fått ei forbetra tilskuddsordning.

Attraktivt for reiarlaga

Lars Peder Solstad

Lars Peder Solstad er president i Norges Rederiforbund. Han meiner dei nye reglane er ei styrking av posisjonen til norske sjøfolk.

Foto: NRK

Lars Peder Solstad, som er president i Norges Rederiforbund, trur mellom 75 og 100 norske offshorefartøy kjem til å flagge heim etter regelendringa. Han seier det kan hende at utanlandsk arbeidskraft er billegare, men meiner tilskotet vil vere attraktivt nok til å tre inn i ordninga.

– Det er konkrete krav til bemanning for å vere med i ordninga, så dette er ei styrking til posisjonen til norske sjøfolk om bord i offshorefartøya, seier Solstad.

Sjølv vil hans reiarlag flagge heim ni skip umiddelbart. Då beheld dei dei norske sjøfolka dei allereie har, og skal tilsette fleire i opplæringsstillingar.