Entreprenørar vurderer søksmål etter andbodsstopp på omstridd sjukehus

Begge dei gjenverande entreprenørselskapa vurderer søksmål mot Helse Møre og Romsdal. Onsdag stoppa styret i Helse Møre og Romsdal anbodsprosessen for nytt sjukehus i Molde.

Oversiktsbilde over det nye sjukehuset på HJelset

Det nye sjukehuset på Hjelset i Molde skal byggast på denne tomta, som tidlegare har vore lokaliseringsstad for psykiatriske avdelingar.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Det er dei to entreprenørane Skanska Noreg og Betonmasthæhre som har vore med i anbodsprosessen heilt til slutt. Dei to selskapa leverte anbod som ligg vesentleg over dei summane som Helse Møre og Romsdal har budsjettert med. Bygginga er kostnadsrekna til 4,1 milliardar kroner og er eit av dei største byggeprosjekta på Vestlandet og i Midt-Noreg dei komande åra.

Dermed vedtok styret i Helse Møre og Romsdal i går å stoppe heile prosessen. Det skaper sterke reaksjonar i entreprenørselskapa.

– Vi vurderer no å setje fram eit krav om erstatning for det omfattande arbeidet vi har lagt ned i denne konkurransen, seier kommunikasjonsdirektør i Betonmasthæhre, Per Anders Muri til NRK.

Han seier vidare at det er sterkt beklageleg at Helse Møre og Romsdal avlyser konkurransen som dei har brukt mykje tid og ressursar på.

– Det kan sjå ut som om ambisjonane har vore større enn budsjetta. Vi presenterte ei løysing som varetok behova til alle interessentane på ein god måte, seier Muri.

Styremøte Helse Møre og Romsdal

Styret i Helse Møre og Romsdal vedtok onsdag å stoppe anbodsprosessen for det nye sjukehuset på Hjelset i Molde.

Foto: Terje Reite / NRK

Skuffa

Også Skanska vurderer no å gå til søksmål mot Helse Møre og Romsdal.

– Vi vurderer no å gå til rettslege skritt i denne saka. Og det gjer vi i så fall som ein konsekvens av prosjektleiinga og Helse Møre og Romsdal sine eigne val. Dette handlar ikkje berre om tida og ressursane Skanska har brukt på prosessen. Det handlar også om Helse Møre og Romsdal skal ha høve til å bruke idéane som har kome fram i prosessen og som Skanska og Betonmasthæhre har medverka til, seier Audun Lågøyr i Skanska Norge til NRK.

Han seier at Skanska er skuffa over at anbodsprosessen blir stoppa og at Skanska har brukt mykje tid og ressursar på saka.

– God dialog

Prosjektdirektør i Sykehusbygg, Helle Jensen, viser til at det er gjort eit omfattande arbeid både i forkant av utlysinga av anbodet og gjennom konferansar med aktuelle entreprenørar.

– Vi hadde god dialog og positive forhandlingar med begge leverandørane. Men vi vurderte det slik at vi ikkje kom til å lukkast i å få tilboda ned på eit nivå som er innanfor den økonomiske ramma, seier Helle Jensen.

SNR Nytt sjukehus på Hjelset

Helse Møre og Romsdal hadde planar om å byggje eit lekkert og innbydande sjukehus på Hjelset. No må helseføretaket truleg planlegge med enklare byggtekniske løysingar.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Konfliktfylt

Bygging av nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal har vore konfliktfylt frå dag éin. Først krangla Nordmøre og Romsdal om lokaliseringa av sjukehuset. Den striden enda i to rettsinstansar og var også inne til høyring i Stortinget.

Det er ikkje kjent kor stor avstanden mellom budsjetta til Helse Møre og Romsdal og anboda frå Skanska og Betonmasthæhre er. Tala er ikkje offentleggjort med grunngjeving i konkurransesituasjonen.

Streng regulering

Anbodskonkurransar der det offentlege er med er strengt regulerte i Forskrift om offentlege anskaffelsar. Her heiter det at anbodsprosessar kan avbrytast om det er sakleg grunn til det.

– For å kunne forsvare ei slik avlysing, utan at entreprenørane hadde høve til å kome med reviderte tilbod, måtte Helse Møre og Romsdal ha fått klare og stadfesta meldingar frå entreprenørane om at det ikkje var mogleg å kome i mål med summar som ligg nær ramma, seier høgskolelektor ved Høgskulen i Molde, Tarjei Ytrehus Bjørkly til NRK.

Det er to typar erstatningskrav entreprenørar kan reise i saker som dette. Om dei hevdar negativ kontraktsinteresse vil erstatningskravet bli avgrensa til kostnader entreprenøren har hatt med å delta i anbodsprosessen.

Dersom den som har utlyst eit anbod gjer vesentlege feil i prosessen, kan tilbydaren hevde positiv kontraktsinteresse. Dersom det er sannsynleg at entreprenøren ville ha vunne ein slik kontrakt, kan entreprenøren då krevje erstatning også for tapt forteneste på kontrakten. I eit slikt tilfelle kan erstatningane bli svært høge.

Utsetjing

For pasientar og tilsette i Helse Møre og Romsdal vil det som no har skjedd uansett innebere at heile prosjektet blir utsett. Kor lenge er uvisst. Helse Møre og Romsdal antydar at utsetjinga kan bli på om lag eitt år. Om det blir prosessar i rettsvesenet kan også dette påverke lengda på utsetjinga.

Helse Møre og Romsdal er eit helseføretak som slit med svært anstrengt økonomi. For 2018 er det budsjettert med eit underskot på 86,6 millionar kroner. Etter dei fire første månadene i år seier prognosane at resultatet kan bli 40 millionar kroner dårlegare enn dette. Bygging av nytt sjukehus har vore sett på som ein viktig del av løysinga på problema som føretaket slit med.