NRK Meny
Normal

Engum går av

Bjørn Engum går av som administrarande direktør i Helse Nordmøre og Romsdal.

Bjørn Engum

Engum bekrefta onsdag at ha sluttar fordi han har fått ny jobb i Tromsø.

Telemedisin

- Ja, jeg har fått eit tilbod om å bli leiar for Nasjonalt senter for samhandling og telemedisin i Tromsø. Dette var eit tilbod som eg fekk i går, og eg valde å takke ja, seier Engum til NRK.

- Eg fekk utdanninga mi i Tromsø, og eg var med å starte telemedisinsk forsking i Tromsø på 80-talet. Så eg kjem tilbake til kjende fagområde og til eit miljø og personar som eg kjenner godt, seier Bjørn Engum

Då det for nokre veker sidan blei kjend at Engum skulle flytte frå Molde, uttalte han at han ville halde fram som direktør så lenge styret ønskte det.

- Ja, det gjorde eg, og det sto fast heilt til tilbodet kom og eg måtte ta eit val, sier Engum.

Styremøte Helse Nordmøre og Romsdal

Styremøtet i Helse Nordmøre og Romsdal.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Konfliktfylt

Bjørn Engum har vore administrerande direktør i Helse Nordmøre og Romsdal sidan 2007.

Sjukehusstriden mellom Kristiansund og Molde har vore konfliktfylt og bitter, og særleg det siste året har det prega Engum sin direktørjobb.

Leiinga både i Helse Nordmøre og Romsdal og Helse Midt-Noreg har foreslått å flytte akuttkirurgi og fødetilbod frå Kristiansund til Molde. Styret i Helse Nordmøre og Romsdal vedtok ein slik funksjonsfordeling medan styret i Helse Midt-Noreg har send saka tilbake med krav om å gjennomføre ein konsekvensutgreiing.

På spørsmål om konfliktnivået i sjukehusstriden gjorde det lettare å takke ja til ny jobb, svarar Engum slik.

- Ja, det kan ein nok seie. Det har vore utfordrande. Eg har hatt fire flotte år, men særleg det siste året, etter at vi fekk i oppdrag å jobbe vidare med funksjonsfordeling mellom sjukehusa i Molde og Kristiansund, har det vore veldig turbulent og konfliktfylt, seier Engum.