Hopp til innhold

Nye runder i sjukehussaka

Styret i Helse-Midt vil ikkje avgjere om føde- og akuttilbodet ved sjukehuset i Kristiansund skal flyttast til Molde no. Dei vil ha grundigare klargjering av konsekvensar først.

Helse Midt-Norge

Styret i Helse Midt-Noreg vil at funksjonsfordelinga mellom sjukehusa skal bli konsekvensanalysert.

Foto: Trond Vestre / NRK

Grundig analyse

Det skal gjennomførast ein grundig konsekvensanalyse før funksjonsfordelinga mellom sjukehusa i Molde og Kristiansund blir avgjort.

Det vedtok styret i helse Midt-Noreg i formiddag.

Du kan lese heile vedtaket på Helse Midt-Noreg sine nettsider.

Dei vedtok også at det skal byggast eit nytt sjukehus på Eikrem i Molde. Dei legg dermed ballen om eit felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal død.

Halv siger

Dette er ein halv siger for Kristiansund sjukehus, seier ordføraren i Kristiansund, Per Kristian Øyen.

– Dette betyr jo ei utsetjing av saka før styret gir statsråden eit råd, seier ordføraren.

Samtidig meiner eg vedtaka som er gjort tidlegare, er gjort på feil grunnlag. Helse Midt-Noreg har ikkje hatt grunnlag for å gjere dei vedtaka dei har gjort. Det har styret i helseforetaket no tatt konsekvensen av.

Mindretal for akutt- og fødetilbod

Eit mindretal på 5 av styret på 14, går inn for å frede akutt- og fødetilbodet i Kristiansund. Øyen er glad for støtta.

– Eg skulle ønske mindretalet var litt større, men det er eit stort mindretal, og eg trur det vil bli lagt merke til, seier Øyen til NRK.

Direktøren i helseforetaket, Bjørn Engum, har innstilt på å bygge nytt sjukehus på Eikrem i Molde.

Direktøren innstilte også på å legge ned akutt- og fødetilbodet i Kristiansund, og flytte det til Molde. Dette vart tatt imot som ei krigserklæring i Kristiansund, i ein allereie oppheita sjukehusstrid.

Tilbake til start

Øyen meiner dagens vedtak er å gå tilbake til start i sjukehussaka. Men han trur ikkje nødvendigvis at det er negativt.

– Det gjer at alt blir usikkert igjen. Eg er verken glad, eller ikkje glad for det som no skjer. Eg berre registrerer det, seier kristiansundsordføraren.

Fornøgd styreleiar

Det er Helse Midt-Norge som skal gjennomføre konsekvensanalysen. Styreleiar Kolbjørn Almlid er fornøgd med vedtaket til styret i dag.

– Vi har i dag vedtatt at vi går for to sjukehus i Nordmøre og Romsdal, eit nytt i Molde, men vi går også inn for ei brei analyse av kva dei to sjukehusa skal innehalde. Særleg når det gjeld kvar akutt- og fødetilbodet skal vere, seier styreleiar Kolbjørn Almlid.

Les også: