Hopp til innhold

- Forslaget er det verste for Nordmøre

Ordførar i Kristiansund, Per Kristian Øyen, er oppgitt over innstillinga som inneber sjukehusbygging på Eikrem og reduksjon i sjukehustilbodet i Kristiansund.

Per Kristian Øyen

Per Kristian Øyen og Bjørn Engum under pressekonferansen i Kristiansund i dag.

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

Per Kristian Øyen brukar sterke ord når han skildrar kva følgjer han meiner innstillinga kan få for Nordmøre.

– Dette er den verst tenkjelege innstillinga for Nordmøre. Dette betyr at vi misser fødeavdelinga og vi misser akuttfunksjonar. No skal det byggast eitt nytt sjukehus, men det blir liggande i Molde sentrum, seier Per Kristian Øyen.

- Satsar eigentleg ikkje på to sjukehus

Sjukehusdirektør Bjørn Engum la i dag fram ei innstilling, der det skal byggast nytt sjukehus på Eikrem i Molde. Det skal framleis vere sjukehus i Kristiansund, men fødeavdelinga og akuttfunksjonar skal flyttast til det nye sjukehuset i Molde.

– Eg oppfattar sjølvsagt dette som satsing p eitt sjukehus. Over tid vil det noverande sjukehuset vårt i Kristiansund bli heilt klart bygd ned. Dette er starten på eitt sjukehus og det blir liggande midt i Molde, seier Øyen.

– Vonar på politisk løysing

Både politikarar og aksjonistar i Kristiansund vonar no på ei politisk løysing i sjukehusstriden. Dei påpeikar at saka ikkje er avgjort enno.

– Vi må framleis tru at det fins ei politisk løysing på dette hos regjeringa og statsråden. Prosessen vi har sett har vore ein skinnprosess. Direktøren hadde allereie bestemt seg på eit møte i mars. Det som har skjedd sidan har ikkje bevega administrasjonen eit komma. Dette har vore ein skinnprosess der det har vore kasta blår i augene på alle som har delteke så intensivt og som har ønskt å påverke. Direktøren har ikkje teke til seg eit einaste ord, meiner Øyen.