Hopp til innhold

Sunnmørsbadet i rute, men treng meir pengar

Skuldrene til styreleiar Bjørn Martin Aasen seinka seg godt ned etter at kommunalkomiteen i Herøy i går stadfesta innstillinga frå Herøy næringsforum om å løyve 30 millionar ekstra til Sunnmørsbadet.

Uteområdet ved Sunnmørsbadet

Det vert arbeidd intensivt også på uteområdet på Sunnmørsbadet for å bli ferdig i tide. Foto/redigering: Arne Flatin.

Bjørn Martin Aasen

Bjørn Martin Aasen slappa meir av etter at dei fekk heile 30 millionar meir til badet i Herøy.

Foto: Arne Flatin / NRK

Dermed kan prosjektet gå som planlagt, og alt tyder på at det vert opning i midten av februar.

Men det er enno mykje arbeid som står att både på sjølve badelandet og når det gjeld pengane. Den viktigaste oppgåva no vert å få til ei lånegjeld som Sunnmørsbadet kan handtere. Aasen seier det er snakk om rundt 25 millionar kroner.

Sunnmørsbadet har ein prislapp no på 236 millionar kroner eksklusiv moms. Det er 56 millionar meir enn rekna med då prosjektet vart planlagt.

Det har vore mykje uro i styret og blant investorar, men no ser det ut som om prosjektet skal gå på skinner inn mot mål.

85 000 gjester

Karl Petter Sortehaug

Karl Petter Sortehaug trur ikkje det blir vanskeleg å dra folk til badet.

Foto: Arne Flatin / NRK

Dagleg leiar, Karl Petter Sortehaug, er optimist. Han trur ikkje det skal vere vanskeleg å få besøkstal på rundt 85 000 badegjester. Dette er realistisk. Det var trass alt 60 000 i året på det gamle badeanlegget.

Folk flest skal heller ikkje betale ekstra fordi prosjektet vert dyrare. Billettprisen skal vere tilpassa marknaden og ligg ein stad mellom prisane til badelanda i Molde og Kristiansund, seier Sortehaug.

Både Aasen og Sortehaug er strålande fornøgde med korleis Sunnmørsbadet kjem til å bli sjåande ut. Anlegget bør kunne trekke til seg folk frå eit stort omland. Allereie har bedrifter frå nabokommunar vore på tråden for å høyre om det er råd å sikre seg bedriftsavtalar.

Gunstige opningstider

Dei som står bak Sunnmørsbadet trur folk vil strøyme til frå nær og fjern ikkje minst fordi anlegget vil ha svært omfattande opningstider.

Badet skal vere ope på stort sett alle heilagdagar, og skal vere tilpassa tidspunkta der folk har tid og høve til å bruke anlegget, seier Sortehaug.

Parkeringsplassen som er bygd ved Sunnmørsbadet har plass til fleire hundre bilar så all logistikk skal kunne gå smertefritt.