I dag viser den profilerte arbeidarpartipolitikaren fram ein SMS frå ein mann ho har hatt jobbrelatert samarbeid med i mange år. Mannen er gift og meldinga kom til Botten nyttårsaftan.
– Meldinga gjorde meg rett og slett forbanna, seier Else-May Botten.
– Dette er frå ein man eg berre har eit arbeidsforhold til. Dette er ikkje greitt i det heile teke, seier Botten og er rysta.
Tok kontakt med firmaet
Botten tok kontakt med sjefen i firmaet der mannen jobbar. Hendinga skal ikkje ha fått følgjer for tilsetjingsforholdet hans. Men han slutta å sende å sende meldingar.
– Poenget er at ein må ta ei runde og få folk til å skjerpe seg. Når dei ikkje gjer det må det brukast sterkare lut.
– Koplar inn PST
Botten understrekar at ho som politikar må vere budd på å møte mange slags menneske. Men nokre går lenger enn andre. Og no varslar ho PST i ei sak.
– Det gjeld ein mann som har kontakta meg over lang tid og som ikkje ser ut til å slutte. Det er ikkje OK når ein blir redd for å bevege seg frå A til B, seier Botten.
På reise med næringskomiteen
I intervju med NRK fortel Else-May Botten også om ei hending då Næringskomiteen i Stortinget skulle møte tilsvarande komite i India. Dei to komiteane sat i møte og drøfta politikk.
– Brått oppdagar eg at ein mann tvers over for meg ser på meg. Han byrja å skrive på eit papir, gjev det til rådgjevaren sin og peikar. Eg får DET kjærleiksbrevet. Det var absurd å få noko slikt midt i eit seriøst møte.
– Burde halde bileta for seg sjølve
Sjølv om dei verste eksempla ikkje stammar frå parti, Stortinget eller i miljøa kring departementa og regjeringa, fortel Botten om opplevingar også frå desse miljøa.
– Eg har fått meldingar og bilete frå slikt hald også og eg tykkjer folk kunne ha halde desse bileta for seg sjølve. Og då kan du tenkje deg kva slags bilete dette er, seier den profilerte politikaren.
Botten seier til NRK at ho legg fram sine eigne historier for at folk skal skjøne at trakassering ikkje er greitt.
– Både politiske parti, næringslivet og einskildpersonar må snakke om dette. #metoo-kampanjen har gjort det lettare å ta opp slike saker. No er det merksemd kring trakasseringa over heile verda, seier stortingspolitikaren.