Kristiansundsmannen har vore til avhøyr hos politiet, men stiller seg ifølgje avisa uforståande til påstandane om at han skal ha truga Botten. Mannen vedgår at han ringde til henne og at han var både høgrøysta og sint.
Bakgrunnen for samtalen var uttalar Botten hadde gitt i samband med sjukehusstriden, der mannen meinte ho var for unnvikande.
– Eg ringde under fullt namn og bad henne gi støtte til veljarane på Nordmøre, seier mannen til Tidens Krav.
Vidare hevdar mannen at han skal ha sagt at det elles ville bli "eit helvete under nominasjonsprosessen".
Mannen seier seg no lei for at han ringde og ber om orsaking for hendinga.