Hopp til innhold

Først no skal mekanikar-elevar lære om elbil på skulen

Nesten alle nye bilar som blir selt er elbil, men først i år har elbil kome inn i læreplanen for dei som skal bli bilmekanikarar.

Sander Korsnes er lærling som bilmekaniker

Sander Korsnes kjem frå ein motorsportfamilie og bestemte seg tidleg for å bli bilmekanikar. No er han lærling.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det er hektisk på bilverkstaden til Møller bil i Ålesund. For lærling Sander Korsnes (20) er det mykje å sette seg inn i.

– Det er litt meir teknisk enn eg trudde, men eg var klar over kva eg gjekk til, seier lærlingen, som har vore lidenskapleg interessert i bilar sidan han var liten.

Nær 9 av 10 selde nybilar så langt i år er elbilar, men på skulen har Sander øvd lite på reparasjon av elbil. Det har vore mest i teorien.

Bilmekaniker

Det krevst mykje datakunnskap for å diagnostisere elbilar og moderne bilar.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Skeptiske elevar

Først no i 2022 er det eit mål i læreplanen at dei som skal bli bilmekanikarar også skal lære om elbilar og hybrid.

Tor Arild Malin

Tor Arild Malin ved Borgund videregående skole synest det er spanande med elbil og har no fått kursa seg slik at han kan undervise elevane.

Foto: Remi Sagen / NRK

På Borgund videregående skole i Ålesund får elevane snart ein elbil på verkstaden til å bruke i undervisninga. Sist dei hadde ein Tesla inne, opplevde lærarane at interessa ikkje var så stor.

– Elevane er litt skeptiske til elbil, men eg trur det går seg til, seier Tor Arild Malin, teamkoordinator ved Borgund videregående skole i Ålesund.

Ein del av dei som utdannar seg til bilmekanikar på Borgund kjem frå tradisjonelle rånemiljø med stor interesse for fossile bilar, og Malin trur rett og slett at elbil er uvand for dei.

2.-klassingen Benjamin Solvang er ikkje stor fan av elbilar, han likar kjensla av motorlyd. Eleven innser likevel at elbil er framtida og synest det er bra at dei no skal lære meir.

– Vi må jo så klart ha kunnskap om elbilar. Det er mykje elektronikk å sette seg inn i, seier Solvang.

Benjamin Solvang ved Borgund videregående skole

Benjamin Solvang drøymer om å bli lastebilmekanikar. Han ser for seg at det er elektriske lastebilar han skal jobbe med i framtida.

Foto: privat

Må vere ambisøse

Norges Bilbransjeforbund skulle ynskje at elbil kom inn i læreplanen tidlegare, men er glad for at det no står ein del om temaet. Kommunikasjonssjef Egil Steinsland seier at det er viktig at skulane og bedriftene no legg ein ambisiøs plan.

– Mange skular har allereie tatt grep. Skulane, skuleeigar og lærarane må vere framme i skoa, seier Steinsland.

– For lite konkret

Caspar Hille leia Møller bil sin skule i fleire år og er ekspert på elbil. Han meiner utdanningssystemet ikkje har klart å halde fylgje med teknologiskiftet i bilbransjen og meiner at den nye læreplanen er for forsiktig og lite konkret når det gjeld elbilar.

Caspar Hille

Caspar Hille er kjend i bilmiljøet og har i ei årrekkje kursa bilmekanikarar i elbil.

Foto: privat

– Det er litt rart når vi veit at vi frå 2025 berre skal selje nullutsleppsbilar, seier Hille.

Sjølv har han starta sitt eige selskap der han bygg undervisningsutstyr til skulane. Dette er ein komplett liten elbil, der alle system er synleg, slik at elevane skal sjå kva som skjer. Ifylgje han er ikkje vanlege elbilar eigna til å drive undervisning på sidan alt er lukka.

Omfattande arbeid

Kristian Ilener

Kristian Ilner er leiar i rådet som utviklar det faglege innhaldet i læreplanane til dei som utdannar seg til bilmekanikar.

Foto: Fellesforbundet

Grunnen til at det har tatt tid å få elbil inn i læreplanen er at det har vore ein lang og omfattande prosess, der også bilbransjen sjølv har deltatt.

Det seier Kristian Ilner, som er leiar i fagleg råd for teknologi- og industrifag.

– Dersom det i etterkant viser seg at planane er for vage og utydelege når dei blir tatt i bruk av skulane, vil rådet ta det på største alvor, seier Ilner.

Mekker på gamle bilar

Om seks månader er Sander Korsnes ferdig som lærling. Han gler seg til fast jobb i bilmekanikaryrket.

Sjølv om det blir mest elbilar han skal reparere i framtida, sluttar han ikkje å mekke på dei gamle på fritida. No er han i gang med å restaurere ein Nissan 200 SX frå 1998.

– Eg kjøper meg nok ein elbil ein gong når eg tek meg råd til det, seier 20-åringen.

Sander Korsnes

Sander Korsnes meiner det er på høg tid at elbil kjem inn i læreverket på skulane.

Foto: Remi Sagen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL