Hopp til innhold

Ein dårleg start for MF Ullensvang

Passasjerane på Hareid-Sulesund har fått ein forsmak på korleis kvardagen kan bli med den eldre ferja. Det vart ingen umiddelbar suksess.

MF "Ullensvang" mellom Halhjem og Sandvikvåg

Den gamle travaren MF Ullensvang begynner å bli sliten. Ingen ønskjer å ha ferja i sitt samband.

Foto: Lars Johan Storækre

Fordi ei ferje skulle til service, passa det bra at ferja MF Ullensvang kunne få testa seg på strekninga mellom Hareid og Sulesund måndag. Ferja skal nemleg inn i sambandet fulltid etter nyttår, ifølgje planane til reiarlaget Norled.

Gammal ferje i travelt samband

Men etter første dag som reserveferje er det lite optimisme å spore om korleis den 28 år gamle MF Ullensvang vil klare seg i sambandet.

Anders Riise, ordførar i Hareid

Ordførar i Hareid, Anders Riise (H) gruar seg til nyttår. Årsaka er ei gammal ferje som Norled vil setje inn i sambandet Hareid-Sulesund.

Foto: Arne Flatin / NRK

Hareid-ordførar Anders Riise var sjølv vitne til ei ferje som sleit med laste og losse ferja på ein normal avgang frå Hareid i 10-tida måndag.

– Erfaringa allereie no og telefonaktiviteten inn til meg er av ein slik karakter og omfang at det er grunn til sterk uro for korleis dette skal bli frå 01.01.2015 når denne ferja skal inn på permanent basis.

Utover dagen vart forseinkingane større og større – oppimot 25 minutt per avgang. I 16-tida måtte til og med to avgangar innstillast fordi forseinkingane hadde blitt så store.

Ordføraren ber fylkeskommunen og Norled om å ta affære og sørge for at Ullensvang aldri blir sett i permanent drift på Hareid–Sulesund.

– Tek tid å bli vant til ny ferje

Til Sunnmørsposten seier driftssjef Inge Andre Utåker at det tek tid å for mannskapet å lære seg å manøvrere ferja og fordele bilane.

– Mi erfaring er at det er eit betydeleg læringspotensial, seier han til avisa og understrekar at ferja skal få større kapasitet når ho går fast inn i sambandet i 2015.

Ifølgje Sunnmørsposten lover samferdselsavdelinga å finne ut kvifor MF Ullensvang ikkje fungerer slik ho skal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL