Uvisst kor lenge «Ullensvang» blir ute av drift

Problemferja «Ullensvang» var på verkstad i to veker. Men då ho skulle inn att i trafikk braut hovudmotoren saman. Ingen veit når ferja kan kome i drift att.

Ullensvang på Vegsund slip

Her ligg bilferja «Ullensvang» ved Vegsund slip igjen. Ferja var på veg vekk etter eit fjorten dagars verkstadopphald. Men på veg til Hareid måtte ferja slepas tilbake til verkstaden igjen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Dermed har det blitt skrive eit nytt kapittel i historia om det som er blitt kalla «problemferja» Ullensvang, ei 30 år gamal ferje som har skapt frustrasjon sidan ho blei sett i prøvedrift i sambandet i 2014.

Oljelekkasje

I to veker har bilferja «Ullensvang» vore på verkstad. Måndag skulle ho inn i trafikk att. Men etter ein svært kort seglas fekk ferja motorhavari og måtte slepast tilbake til verkstaden.

Inge Utåker, Norled

Inge André Utåker i Norled.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi hadde ein relativt omfattande jobb på hovudmotoren. Sist helg var alt klart, og hovudmotoren blei prøvekøyrt medan ferja låg ved kai. Søndag blei ferja bemanna opp for å segle til Hareid. Kort tid etter avgang blei det oppdaga ein oljelekkasje på hovudmotoren. Det kom også feilindikatorar frå systemet om bord. Då blei motoren stansa, ankeret blei droppa og ferja blei taua tilbake til verftet, fortel Inge André Utåker, regionssjef ferje i Norled til NRK.

Kjenner ikkje omfanget

Normalt går det tre ferjer i sambandet mellom Hareid og Sulesund. Under verkstadopphaldet har det gått berre to ferjer i sambandet. Det har i periodar ført til store køar både på Hareid og på Sulesund.

– Vi veit ikkje om hovudmotoren er skada som følgje av det som har skjedd eller om det er ei enkel sak å få ferja i orden igjen, seier Utåker.

Utåker har førebels ikkje noko opplysningar om kor lang tid dette kjem til å ta. Det har heller ikkje kome meldingar om selskapet vil setje inn avløysingsferje eller ikkje.

Lang historie

«Ullensvang» er ei av ferjene som har vekt mest harme langs kysten sidan reiarlaget Norled tok over ei rekkje ferjesamband i Møre og Romsdal. Protestane kom alt før ferja blei sett inn i sambandet i byrjinga av januar 2015. Ferja hadde då gått i 28 år lenger sør på Vestlandet, og protestane gjekk så langt at Norled bad Samferdsledepartementet om løyve til å endre på planane.

Ordføraren i Hareid, Anders Riise, hevda at det var «å gå baklengs inn i framtida» om ein sette denne ferja inn i sambandet. Det blei også politikk på høgt plan då ein stortingsrepresentant bad samferdsleministeren om å fjerne ferja.

Også tilsette har hatt vanskar, for i frustrasjon over den gamle ferja har einskilde passasjerar late frustrasjonen gå ut over dei tilsette. For det er ikkje tvil om at mange passasjerar rett og slett har vore rasande. Ein periode var ferja og passasjerane plaga med at toaletta gjekk tette. Funn av ein skipsnøkkel og ei vaskefille tyda på at dette kunne vere snakk om sabotasje.

I oktober 2015 miste også bilferja «Ullensvang» motorkrafta og brasa rett i ferjelemmen på Sulesund.

– Indikatorane viste overlast

Oljelekkasjen denne gongen blir karakterisert som stor. Indikatorane på systemet viste også overlast på motoren.

– Motoren blei stansa for å sikre at vi ikkje skulle øydeleggje meir enn det som alt hadde skjedd, seier Utåker.

– Skjønar de at folk blir irriterte?

– Ja. Sambandet er eigentleg eit to-ferje-samband. Men det er ordna slik at også reserveferja går i sambandet i tillegg til dei to faste. Det har vore ei naudsynt og riktig ordning. Men vi har høve til å operere sambandet med berre to ferjer i inntil 50 dagar i året medan den tredje er på verkstad, seier Utåker.

Denne gongen blei køane ekstra store, mellom anna fordi «Ullensvang» var på verkstad midt under dei store utfartshelgane i mai. Og neste helg er det pinse.

Vi hadde ein plan om å unngå dette. Men det heldt ikkje. Dermed fekk vi nokre situasjonar som vi svært gjerne skulle ha unngådd. Formelt sett gjer vi jobben vi har betalt for. Men vi har ingen problem med å forstå at dette er irriterande, seier Utåker.