Hopp til innhold

Her er fem lyspunkt for økonomien din

Prisen på mat steig tre gongar meir enn løna di i fjor, men det er lys i enden av tunnelen, ifølgje ekspertane.

Illustrasjonsbilde av kredittkort.

Stort sett alt vert dyrare for tida, men det må då finnast nokre lyspunkt også?

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB

Vi har høyrt det lenge no: alt vert dyrare for folk flest.

Ikkje berre straum og bensin, men også varer og tenester. Og ikkje minst huslån, for dei som har det.

Prisen på mat steig i 2022 med 11,5 prosent, tre gongar meir enn lønsveksten som er venta å bli 3,9 prosent.

Men ein treng ikkje sjå mørkt på alt, meiner dei som er ekspertar på pengar og pengebruk:

Dei fleste har jobb 👨‍💻

Dei aller fleste av oss får stabilt inn pengar på konto, anten gjennom stipend eller løn.

– Det viktigaste av alt er kanskje det som gir oss inntekt – arbeidsløysa er veldig, veldig låg, seier Kavli.

Ved nyttår var 2,7 prosent av arbeidsstyrken, altså dei som er i ein alder og helse slik at dei kan jobbe, arbeidslause.

Under pandemien, i mars 2020, var det talet fire gongar so høgt.

Furre trur arbeidsløysa vil auke noko, men seier det er all grunn til å tru at dei fleste av oss vil ha ein jobb å gå til også i tida som kjem.

Og at arbeidsløysa vil halde seg relativt låg i historisk perspektiv, seier han.

Erna Solberg hos Freyr

Ja, so er kanskje ikkje industriarbeid det Erna Solberg driv med til dagleg, men jobb har ho, som dei aller fleste av oss.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Vi kjøper mindre ting og tang 🌍

Nordmenn kjøper mindre daglegvarer og klede no enn før pandemien.

Ei meir slunken lommebok er ein god sjanse til å vurdere kor mykje vi faktisk treng, særleg med tanke på at forbruket vårt må ned for å nå klimamåla, meiner Kavli.

– Gjenbruk av sportsutstyr er eit utmerkt døme på kva vi kanskje kan verte flinkare til. Bruke slike kjøp og sal-sider på nett og handle brukt utstyr, i staden for at alt skal vere flunkande nytt til ei kvar tid, seier Kavli.

Kjøpekrafta har vorte svekt av høg inflasjon og renteoppgang, so det vert nødvendig for mange å vere meir nøysame i 2023, legg Furre til.

Les også Halvparten av oss blir fornøgde med brukte julegåver

Brukte klede på butikken Green i Ålesund. Fremst heng ein kjole med perler på og ei svart selskapsveske

Vi bruker berre pengar vi faktisk har 💳

Eller, ikkje berre, men nordmenn si forbruksgjeld har i årevis falle.

– Det er ein av kjepphestane mine å berre bruke pengar ein faktisk har. Det å ikkje ty til kredittkortet for å kjøpe ting du ikkje treng, men heller spare og bruke dei pengane du har, seier Kavli.

Han seier han har sett ein reduksjon i det siste av folk som tek opp usikra gjeld, og trur dei høge prisane har noko med det å gjere.

– Når ting vert dyrare rundt oss, må vi vere ærlege med oss sjølv og seie «dette har eg faktisk ikkje råd til».

Ei brun lommebok av lær ligg open på eit bord. I lommeboka ligg eit par hundre kroner i lappar, og eit Visa-kort stikk opp.

Dei pengane du kjøpte dei nye skia for – har du dei faktisk, eller er det pengar du enno ikkje har betalt?

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Vi handlar smartare 🛒

– Det er eit godt høve til å setje seg ned og ta eit oppgjer med seg sjølv og sitt eige forbruksmønster, seier Kavli.

Han meiner det er veldig mykje å spare i det å endre måten ein handlar på. Til dømes å planleggje handlinga si og å unngå dei dyraste variantane, slik mange nordmenn allereie har gjort.

No skal matvareprisane justerast med rundt ti prosent i februar, ifølgje bransjen, seier Furre.

– Å leve litt meir nøkternt, det trur eg vi alle har godt av, seier Kavli.

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5 %

Les også Cherrytomater avslører oss etter prissjokket

Tomater i butikk

Vi kan snakke meir om økonomi 🗣️

Kavli og Furre trur ein strammare personleg økonomi kan tvinge oss til å lære meir om pengane våre.

Mellom anna at barna får forståing for at «dette er pengane vi får inn, og dette er dei som går ut til faste kostnadar», som Kavli seier.

– Vi må rett og slett snakke saman, slik at det ikkje alltid er ei forventning om at mamma og pappa har pengar på kortet og det ordnar seg.

Les også NRK forklarer: derfor blir alt dyrere

Test

Snart vert det betre. Kanskje.

Det blir eit krevjande år for både hushald og næringslivet. Men det er jo lyspunkt å spore viss ein ser framover, seier Furre.

Eit siste døme han trekkjer fram er renta. Noregs Bank heva ikkje renta i januar, men sentralbanksjefen seier at dei truleg aukar den ytterlegare i mars.

Noregs Bank har signalisert at renta vil verte sett opp første kvartal i år, men vi byrjar å augne ein rentetopp.

Om renta søkk, vil folk flest få meir å rutte med igjen.

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån