Hopp til innhold

Halvparten av oss blir fornøgde med brukte julegåver

Stadig fleire nordmenn synest det er greitt å få brukte gåver til jul. Dei med høgst inntekt er minst gira.

Brukte klede på butikken Green i Ålesund. Fremst heng ein kjole med perler på og ei svart selskapsveske

Dei som tener minst har minst imot å få brukte gå gåver, syner ei ny undersøking.

Foto: Remi Sagen / NRK

Dag Holtan er på bruktbutikk i Ålesund og har allereie fylt den grøne handlekorga med nokre varer. Han har på seg lang svart jakke og raud lue.

Dag Holtan kjøper berre brukte julegåver.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

På bruktbutikken i Ålesund studerer Dag Holten ein glaskaraffel nøye etter stempel. Han er på jakt etter designarglas og veit at det er mange skattar å finne.

– Eg har kjøpt mykje julegåve her allereie. Alle som eg gir gåve til får brukt, seier Holten.

Han har alleie sikra seg to samlarobjekt som svigerinna skal få og veit at ho blir glad.

Greit med brukte gåver

Over halvparten av nordmenn, 52 prosent, hadde blitt nøgd eller svært nøgd med å få brukte gåver til jul.

Det syner ei ny undersøking gjort av Norstat for NRK. På same spørsmål i fjor svarte 45 prosent det same.

Ville du blitt glad for å få brukte julegåver? 🎁

Ikkje alle er gira

Undersøkinga syner også at dei som tenar minst har minst imot å få noko brukt under treet i år.

I hushalda med under 300.000 i inntekt var 61 prosent nøgd eller svært nøgd med å få brukte gåver. 9 prosent hadde blitt misnøgd eller svært misnøgd.

Av dei som bur i hushald med over 1,2 millionar i inntekt hadde 15 prosent blitt misnøgd med brukte gåver og 48 prosent hadde blitt glade for det.

Max Mordal (9) og Leo Bolme (11) i Fræna speiderklubb sel jolenek i Elnesvågen.

Max Mordal (9) og Leo Bolme (11) ønsker seg fred på jord, slutt på fattigdom og telefon til jul.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

– Slepp «drit og dra»

Unge Max Mordal og Leo Bolme sel nek for Fræna Elnesvågen speidergruppe. Dei er nesten overraskande positive til å få brukte gåver.

– Eg syns brukt er veldig bra. Eg brukar mykje ombruk eg, seier Max (9).

Han får støtte av Leo (11), som fortel at han ønsker seg telefon til jul.

– Kunne du tenkt deg ein Iphone 3 frå 2009 da?

– Kanskje ikkje Iphone, men Samsung hadde gått fint! seier elleveåringen og legg til:

– Er det så farleg om gåva er brukt? Nei, det er jo ikkje det. Da slepp me å bruke opp naturen vår på «drit og dra».

Portrettbilete av Hanne Blindheim som er på shopping på Moa kjøpesenter i Ålesund

Hanne Blindheim har ingenting imot å få brukte gåver. Ofte er det du får kjøpt brukt, nesten som nytt, meiner ho.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Brukt er nesten nytt

På kjøpesenteret Moa i Ålesund er Hanne Blindheim på shopping. I dag kjøper ho nytt, men ho har gitt bort brukte gåver tidlegare. Dei finn ho enkelt på nettstader som Finn.no, Tise eller salsgrupper på Facebook.

– Det aller meste på bruktmarknaden er heilt fint. Kanskje er det brukt ein gong eller to eller ikkje vore opna i det heile tatt, seier Blindheim.

Ho har ingenting imot å få brukte gåver under juletreet sjølv.

Ikkje illeluktande klede

Linn Therese Dimmen heng opp klede i bruktbutikken Green Ålesund

Linn Therese Dimmen har nettopp starta butikk i Ålesund der kunder leiger ein stand til kleda sine, som ho sel.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Linn Therese Dimmen har nettopp starta bruktbutikk med klede og interiør i Ålesund. Alle aldersgrupper er innom butikken, men ho opplever at spesielt ungdommar har forstått at det er trendy å kjøpe brukt.

– Dei unge viser veg. Dei veit at vi må kjøpe brukt, men eldre kjem etter, seier Dimmen.

Ho trur også at folk har endra syn på kva eit bruktkjøp er. Det er ikkje varer som elles hadde gått i søpla og det er ikkje illeluktande klede.

Les også Gi dine fineste julegaver og spar penger samtidig

Gjenbruk og julegaver