Hopp til innhold

Over hundre frivillige i skianlegget: – Held på til langt på natt

Dei jobbar gratis for at barn og vaksne skal få boltre seg på Ørskogfjellet skisenter i påskeferien.

Skidugnad

FRIVILLIG: Viktor Hallstensson jobbar mange timar gratis for at skianlegget skal vere optimalt før påska.

Foto: Tore Ellingseter

– Det er mykje for å bringe dei barndomsminna eg hadde, over på jentungen min da, seier Viktor Hallstensson.

Han er ein av rundt 100 frivillige som jobbar frivillig på Ørskogfjellet skisenter i påskeferien.

Mange av dei jobbar dag og natt for at trekket skal vere best mogleg i skisesongen, og spesielt til påska.

– Seinast denne veka så held eg på til langt på natt, så det blir mange timar, seier Hallstensson.

Ørskogfjellet

TRADISJONAR: Ørskogfjellet har lange tradisjonar som eit skiområde.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Det er fleire ting som motiverer han til å gjere ein innsats. Både det sosiale, men også minner frå barndommen.

– Da eg voks opp var eg her heile tida, med ein far som var engasjert.

Les også Nytt utstyr kan redde liv i fjellet

Ski

– Lokkar med gode tilbod

Det er mange ulike arbeidsoppgåver som må gjerast for at vaksne og barn skal få boltre seg i skibakken.

Preparering av løypene, vaktar i heis, kiosk og skiutleige er berre noko.

Jørn Inge Løvik

LOKKAR MED TILBOD: Dagleg leiar i skibakken kan lokke dei frivillige med gratis sesongkort.

Foto: Tore Ellingseter

Jørn Inge Løvik er dagleg leiar i skisenteret, og nøler ikkje med å svare på kvifor det er så mange som vel å hjelpe til utan betaling.

– Vi lokkar med gode tilbod, seier han.

Vakter og mannskap i skitrekket får nemleg sesongkort i bakken for heile familien.

– Det er det mange som liker, fortel Løvik.

Hjelpar gledeleg til

Ørskogfjellet har lange tradisjonar som eit skiområde på grensa mellom Romsdalen og Sunnmøre.

Skidugnad

FLINKARE: Nikoline (5) blir tøffare og tøffare i skiheisen, noko faren Viktor er fornøgd med.

Foto: Tore Ellingseter

Viktor Hallstensson er glad for å kunne hjelpe til med å oppretthalde den tradisjonen på best vis.

Det er ekstra stas når den fem år gamle dotter hans Nikoline blir betre og betre på ski.

– Ho skryter nå av at ho tar heisen til firaren, så det framsteget det, seier ein stolt far.

Han ser fram til nokre fine dagar i bakken, og ikkje minst til at Nikoline skal bli enda betre på ski.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL