Hopp til innhold

Nytt utstyr kan redde liv i fjellet

Når nordmenn drar ut på ski i påska, kan manglande mobildekning vere ei stor utfordring om mannskap må rykke ut for å redde dei. Men no er ting i endring.

Ski

PÅSKE: Mange vil gå på ski. Om nokon må reddast ned frå fjellet, er mobildekninga ofte ei utfordring.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Kvart år er det over tre tusen redningsaksjonar i samband med hendingar på land i Noreg. Tallause gonger har håplause mobilforhold skapt trøbbel for redningsmannskap rundt om i landet.

NRK drar inn i eit område der bratte fjellsider og høge toppar ligg innbydande og klare for dei som vil ut på ski. Men i Eikesdal i Romsdal er det dårleg eller inga mobildekning i fleire store område.

Mobilnett Norsk Folkehjelp

NYE TIDER: Utstyret får god mottaking blant dei frivillige i redningsapparatet.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Svart boks på biltaket

Mannskapa i Norsk Folkehjelp viser stolte fram den svarte boksen som er siste nytt i redningsarbeidet. Dette er ein berbar basestasjon som kan brukast i område med null dekning.

Mobilnett Norsk Folkehjelp

SVART BOKS: Denne kan endre kvardagen til redningsmannskapa.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Forretningsutviklar Henning Huuse i Telia omtaler dette som ei unik løysing som berre Norsk Folkehjelp i Møre og Romsdal har tatt i bruk utanom forsvaret. Han fortel at dei brukar lågbanesatellittar til å kople seg til mobilnettet.

– Vi veit jo at det står om sekund og minutt. Sjølv om dette er veldig nytt, så trur eg ganske sikkert dette betyr nye tider for redningsmannskapa.

Henning Huuse

HAR TRUA: Henning Huuse i Telia trur dei nye berbare basestasjonane kan bli svært viktige i redningsarbeidet.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Slepp kart og papir

Kvart år er det over tre tusen redningsaksjonar i Noreg. For Kristoffer Christiansen i Norsk Folkehjelp i Møre og Romsdal betyr det mykje å kunne få mobildekning overalt.

– Vi slepp å bruke gammaldags kart og papir. Vi får ut den informasjonen som trengst til mannskapa våre. Og ikkje minst gir det dei vi leitar etter høve til å kontakte oss.

Christiansen trur utstyret kjem til å bli brukt allereie i påska. – Vi har fleire område der det er mangel på mobilnett og naudnett, og då er dette veldig bra.

Kristoffer Christiansen

FOLKEHJELPA: Operativ leiar Kristoffer Christiansen er svært glad for at dei får vere først ut i landet med det nye utstyret.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

For medlemmene i Norsk Folkehjelp er dette nesten som ei julegåve. Dei gliser breitt når dei driv med testing på Finnset i Eikesdal.

– Ja, dette er gøy. Men når det er alvor, er det alvor. Uansett så betyr dette svært mykje for oss, seier Kristoffer Christiansen i Norsk Folkehjelp.

Les også Punkterte på Nasjonal turistveg – ingen mobildekning

Shankaran Vedagir saman med dottera til venninna,

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL