Hopp til innhold

Kaldt vatn er hot

Vatn har tatt av på TikTok, og eit gamalt termosselskap tidobla inntektene. No er norske butikkar utselt for dei enorme pastellkoppane – som er skulda for å innehalde bly.

Ekspeditør i glasmagasin (27) Andreas Lien Aandal står bak disken og drikk frå ei enorm drikkeflaske

TATT AV: Andreas Lien Aandal med kaldt vatn i termokoppen som har tatt av.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Bak disken står 27 år gamle Andreas Aandal og drikk. Gjennom jobben har han sikra seg den truleg hottaste drikketrenden i verda:

Ein enorm termokopp i pastell som kan halde væska kald.

Men verken Kardashians eller norske entusiastar visste nok at koppane inneheld bly.

Rosa og lilla Stanley drikkekoppar med skilt som seier at kvar kunde "berre" får ta 20 koppar kvar.

Drikkekoppar med skilt som seier at kvar kunde «berre» får ta 20 koppar kvar.

Foto: Frederic J. Brown / AFP

Søsterskap

Storleiken er på mellom 0,9 og 1,2 liter. Prisen er 600–700 kroner. Og den er visstnok stilig. På eit tidspunkt stod 90.000 på venteliste for å få den, meldte finansblekka Forbes.

New York Times kalla fenomenet eit «søsterskap», altså ein kvinnetrend. Men i butikken i Molde har både kvinner og menn tømt hyllene.

– Alt frå små tolvåringar som skal ha den på skulen, til 60–70 åringar som treng den til gåtur på søndagar, fortel ekspeditør Aandal.

Ekspeditør i glasmagasin (27) Andreas Lien Aandal står bak disken og betener kunde som skal ha steikepanne.

Det blei ikkje drikkekopp på denne kunden, men steikepanne kan også vere kjekt.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

No er butikken hans tom. Det har dei vore lenge, og han trur dei ikkje får inn nye koppar før nærmare sommaren.

Også kultbloggarane Norwaytwins, favoritt blant kjendisar som Else Kåss og Thomas Seltzer, har skaffa seg stor drikkekopp i det siste.

Norwaytwins med termokopp

Også Norwaytwins har skaffa seg stor drikkekopp.

Faksimile: Norwaytwins

– Me hadde ønska oss ein sånn lenge, og er veldig nøgd med den. Den held drikka kald lenge, til og med isbitar. Det er mange billege utgåver rundt omkring, men me ville legge litt pengar i noko skikkeleg, seier tvillingane frå Moss.

Fleire NRK har snakka med verker nesten nyfrelste. Ei gav den i jolegåve til sjefen på jobben sin. Og selskapet bak gnir seg nok i hendene – om dei har tid mellom pengeteljinga.

Mannetermos

Dei fleste av oss kjenner Stanley som ein traust seljar av solide termosar. Selskapet blei stifta i 1913 av ein oppfinnar som starta med termosar i stål framfor glas. Termosane blei særleg selt mot menn med utejobb eller båt.

Reklame for Stanley termos frå 1968, bygningsarbeider med hjelm heller varm drikke.

Unbreakable: Perfekt for kaffitørste arbeidarar. Reklame for Stanley termos frå 1968.

Faksimile: Stanley Aladdin Industries

I hundre år gjekk selskapet stabilt, før dei i 2016 starta med store drikkekoppar. Det var ingen suksess og blei stoppa etter tre år. Men nettstaden «The Buy Guide», drive av tre venninner som elska koppen, råda Stanley til å starta opp igjen. Og satse på influensarar.

Da tok det av.

Leia av ein tidlegare Crocs-direktør auka selskapet omsetjinga frå rundt 750 millionar i åra før 2020 – til 8 milliardar kroner i 2023.

Skal du få deg en stor vatnkopp?

VannTok

– Eg veit ikkje kvifor den har tatt av, seier ekspeditør Aandal.

Men han synast det er eit fantastisk produkt. Han seier han har freista fleire andre drikkeflasker, men ingen har heldt det dei lova.

– Denne held vatnet kaldt. Og kaldt vatn er best! seier 27-åringen.

Han er ikkje aleine om å vere opptatt av kaldt vatn.

Emneknaggen #WaterTok har over ein milliard postar. Det er ein del av TikTok der folk er veldig opptatt av å drikke vatn – helst fire liter om dagen. Her blei Stanley-koppen nær ein heilag gral.

Les også Generasjon duplikasjon

Jente som tviler på hva hun skal kjøpe


I tillegg til kudos for å kunne ha sugerøyr, ha handtak og passe i bilens koppholdar – blei denne og likande koppar hylla for å vere berekraftige.

Men er dei eigentleg det?

Berekraft?

Ja, koppane er gjenbrukbare og held i mange år. Men kor miljøvennleg blir det når mange skal ha koppar som passar til kvart eit antrekk?

The Guardian drog parallellen til tøyvesker: Først eit berekraftig alternativ til plastposar, men snart hadde mange gangen fylt av vesker med ulike identitetar og bodskap.

Lauren Bush attends the Earth Pledge "FutureFashion" show, Thursday, Jan. 31, 2008, in New York, featuring one of a kind fashions by international designers who experimented with sustainable materials.

Berekraftige nett til å bere det meste er framleis ein sterk måte å flagge identitet. Her Lauren Bush, niese og barnebarn av amerikanske ekspresidentar, i 2008.

Foto: Diane Bondareff / AP

Dessutan har jo ulike drikkeflasker vore marknadsført gjennom fleire trendar dei siste to tiåra.

– Alle skulle kjøpe éi gjenbruksbar vassflaske for 15 år sidan og bere den til grava. Men nå er det et konstant utbytting av desse flaskene i takt med nye stiler, sa JB MacKinnon, skribenten bak boka «The Day the World Stops Shopping», til The Guardian.

Sigg drikkeflaske i kontorlandskap framfor fjell og strålande sol.

Ei drikkeflaske frå ein av dei tidlegaste trendane, rundt 2005.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Også butikktilsette Andreas Aandal merker at ulike trendar aukar salet:

– I fjor i sommar blei me utselde for batteridrivne vispar. Da var det ei greie på nettet om å lage iskaffi. Så TikTok er med på å skape trendar og hype opp visse ting, og det er jo ganske kult og bra, meiner han.

Bly

Det han ikkje synast er like kult er det giftige metallet bly. For dei siste vekene har det dukka opp påstandar på nettet om at drikkekoppane frå Stanley inneheld bly.

Ekspeditør i glasmagasin Andreas Lien Aandal med ein enorm drikkekopp

Andreas Aandal er meir glad i kaldt vatn enn i bly.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Og det gjør dei.

– Ja, bly brukast inni koppen, men botnen av koppen må bli skadd og falle av for at blyet skal komme fram, sa ein talsperson for Stanley til TODAY.com.

Så da bør ein passe på botnen av koppen – til neste store drikketrend.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL