Hopp til innhold

Noah blei berre 12 år – rekordmange dødsulykker i 2022

Noah Landro var sjanselaus mot den tunge bilen. Sommaren 2022 blei ein marerittsesong på norske vegar.

Montasje: Gutt i redningsvest smiler i kamera, til høyre gravfølget som følger ham til graven etter begravelse

Det var mange som følgde kista til Noah Landro. Bildet er brukt etter avtale med familien.

Foto: Privat / Brynjar Osgjerd (NRK)

Kyrkja var så full at folk måtte stå utanfor då 12 år gamle Noah blei gravlagd i Øygarden i sommar. Nokre få dagar før omkom han då han blei påkøyrd av ein bil ved busshaldeplassen.

12-åringen blei skildra som aktiv og livsglad, full av artige påfunn.

Men Noah Landro blei berre eitt av namna på ein dyster statistikk over omkomne i trafikken i 2022.

No viser oppteljinga frå Statens vegvesen at totalt 118 døydde. Det var både barn, kvinner og menn.

– Det er ingen direkte gode forklaringar, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland når ho får spørsmål kva som gjer at ulykkestala auka frå rekordlåge 80 i 2021 til heile 118 i 2022.

Dei siste 50 åra har dødsulykkene i trafikken blitt færre år for år.

Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland

Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.

Foto: Statens vegvesen/Knut Opeide

Allereie i mai gjekk UP-sjefen ut og sa han frykta uvanleg mange dødsfall i trafikken. Og han fekk rett. Sommaren blei ein høgsesong for liding og død i trafikken i Noreg.

  • I mai omkom 19 kvinner og menn
  • I juni miste 18 personar livet
  • I juli var det nede i 11
  • Så steig det igjen i august til 19

– Det vi ser er at sommartrafikken tek mange liv i Noreg. Av dei 118 omkomne var det 67 som omkom i mai, juni, juli, august, seier Hovland.

– Etterlyser betre vegstandard

Tidlegare i år kalla vegdirektøren inn til krisemøte, på bakgrunn av alle dødsulykkene.

Helga før omkom to personar i ulykke i Bardu i Troms og Finnmark. Samtidig omkom to i ei motorsykkelulykke i Gjesdal i Rogaland.

Tidlegare same månad omkom også 12-åringen i Øygarden i Vestland og tre venninner i Blindheimstunnelen i Møre og Romsdal.

Bårebiler kjører inn i Steigentunnelen hvor fire omkom.

Fire personar omkom i ei trafikkulykke i Steigentunnelen i Nordland i mai.

Foto: Elena Junie Paulsen / NRK

Pressesjef Ingunn Handagard i NAF seier utviklinga i 2022 var urovekkjande, etter fleire år med nedgang i trafikkdrepne. Ho etterlyser betre vegstandard.

– Vi veit at mange av ulykkene som får det mest alvorlege utfallet er møteulykker og utforkøyringsulykker. Så vi meiner at ei stadig oppgradering av vegnettet også må til for at denne trenden ikkje utviklar seg i åra som kjem, seier Handagard.

Ingunn Handagard

Pressesjef i NAF, Ingrunn Handagard, seier det er viktig å stadig oppgradere vegane.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Så mange omkom i kvart fylke

Det var store variasjonar i dødstala mellom ulike fylke i 2022. Flest er det i Viken, med 22 omkomne. I Møre og Romsdal omkom alle i den eine bilen i ein front-mot-front-kollisjon.

Nyleg blei ein ung sjåfør tiltalt for aktlaust drap.

  • Viken: 22
  • Oslo: 5
  • Innlandet: 13
  • Vestfold og Telemark: 12
  • Agder: 6
  • Rogaland: 12
  • Vestland: 10
  • Møre og Romsdal: 3
  • Nordland: 13
  • Trøndelag: 7
  • Troms og Finnmark: 11

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) seier nullvisjonen om ingen drepne eller hardt skadde i trafikken framleis gjeld i Noreg.

– Vi har framleis ein lang veg å gå for å nå nullvisjonen. Ulykkesutviklinga i 2022 viser at det er heilt avgjerande at vi held fokuset og innsatsen oppe i trafikktryggleiksarbeidet. Det arbeidet held fram i 2023, seier han.

Ifølgje Statistisk Sentralbyrå har dødstala på norske vegar dei siste 50 åra gått jamnt og trutt nedover.

Eit hjarte av gull

Noah enda livet ved busshaldeplassen i Øygarden tysdag 14. juni. Politiet sa tidleg at det ikkje var mistanke om at ulykkessjåføren var rusa eller dreiv råkøyring. Tidlegare i år blei saka mot sjåføren lagt bort av politiet.

Gutt i redningsvest smiler i kamera, Noah Landro på 12 år som døde i en ulykke i Øygarden vest for Bergen juni 2022.

Noah Landro blir skildra som ein gut med hjarte av gull.

Foto: Privat

Under gravferda møtte heile lokalsamfunnet opp. Rektor Anita Vabø sa at 12-åringen var heilt spesiell:

«Du hadde eit hjarte av gull, Noah, og du hadde ei unik evne til å sjå dei som trengde det. Det gjorde du både gjennom ord og handlingar. Vi har mist det aller mest verdifulle vi kunne misse: Ein elev, ein skulekamerat, ein klassekamerat og ein god ven. Du betydde mykje for mange.»

Familien er kjend med at NRK no omtalar ulykka igjen. Dei har godkjent bruken av utdrag frå gravferdstalen og bildet av Noah.

I den første versjonen sto det at guten blei køyrd på av ein buss. Det korrekte er at det var ein bil. Dette er no endra.

Blomster etter bilulykken i Øygarden 14.06.2022

Fleire la ned blomster ved ulykkesstaden i Øygarden etter ulykka i juni. Her omkom 12 år gamle Noah Landro.

Foto: Cato Kristensen / NRK