Hopp til innhold

Joakim (23) frå Gjemnes håper å vere eit friskt pust på Stortinget

Rundt halvparten av representantane som blei valt inn etter valet er ferskingar på Stortinget. Joakim Myklebost Tangen (23) frå Gjemnes synest det er surrealistisk at han sit i nasjonalforsamlinga.

Joakim Myklebost Tangen foran Stortinget, i dress.

NY PÅ STORTINGET: Joakim Myklebost Tangen er 23 år og kjem frå Gjemnes på Nordmøre. No håper han å gjere ein forskjell på Stortinget.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Laurdag var det høgtideleg opning av Stortinget. I salen sat mange spente politikarar som fekk oppleve dette for første gong.

Ein av dei yngste stortingsrepresentantane som deltok var Joakim Myklebost Tangen frå Gjemnes. Han har hatt ein rakettkarriere i Frp.

– Det var kjempestort å vere med på opninga. Det er jo ein stor dag!

Joakim Myklebost Tangen på opninga av Stortinget
Foto: Privat

23-åringen blir den einaste representanten frå Nordmøre den neste perioden.

– Eg kunne ikkje sett for meg dette i min villaste fantasi for berre nokre år sidan. Det er jo utruleg stort å få komme hit. Men det er jo ein draum som eigentleg går i oppfylling.

Mørebenken på opninga av Stortinget

Her er heile den såkalla Mørebenken på opninga av Stortinget. Frå venstre: Joakim Myklebost Tangen (Frp), Monica Molvær (H), Geir Inge Lien (Sp), Åse Kristin Ask Bakke (Ap), Per Vidar Kjølmoen (Ap), Sylvi Listhaug (Frp), Harry Valderhaug (KrF) og Frank Sve (Frp).

Foto: Privat

Mykje å sette seg inn i

Det er mykje nytt for 23-åringen å setje seg inn i, og framleis synest han det er surrealistisk at han skal representere Møre og Romsdal på Stortinget dei neste fire åra.

– Ikkje minst er det veldig spennande, så må eg lære meg ein del ting før eg kan setje i gang med den ordentlege jobben, seier Tangen.

Frp har fått ei stor gruppe. Du er den aller yngste. Kva tenker du om det?

– Eg skal vere eit friskt pust inni den gruppa. Vi jobbar godt på tvers av alder. Uavhengig av bakgrunn og alt mogleg, så trur eg vi saman kan gjere ein veldig god jobb.

Les også Trontalen: Norge vil trenge flere store reformer

en gruppe personer i et rom

Skal sitje i utdanningskomiteen

Tangen skal sitje i utdannings- og forskingskomiteen på tinget.

Han fortel at han først og fremst er opptatt av å løfte saker som er viktige for heimfylket.

– Eg kjem til å stå på for dei sakene som er viktige for oss i Møre og Romsdal. Men eg skal ikkje markere meg berre for å markere meg, seier han.

en person som står på et tak

Tangen tok seg like gjerne ein joggetur i Slottsparken.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

I tillegg til å ha fått tillit frå veljarane sine, får han også ros frå sjefen sjølv. Frp-partileiar Sylvi Listhaug seier følgande om 23-åringen:

– Han er både litt frisk i replikken og flink til å spøke litt og skape god stemning. Det er jo alltid kjærkomme i ei stortingsgruppe. Og så er han veldig dedikert og politisk engasjert, og det er jo ei føresetnad for å vere her. Så eg trur dette skal bli bra.

Sylvi Listhaug, Frank Sve og Joakim Myklebost Tangen topper Frp-lista til stortingsvalget i 2025.

Frp blei størst i Møre og Romsdal og fekk inn tre representantar. Frank Sve, Sylvi Listhaug og Joakim Myklebost Tangen.

Foto: Trond Vestre

Opptatt av det som skjer i heimfylke

Også den rutinerte politikaren Harry Valderhaug (KrF) frå Giske er ny på Mørebanken. For han var opninga av Stortinget ei heilt spesiell oppleving.

– Det var jo stas. Det er høgtid og ein flott tradisjon med ei fin framvising av demokratiet vårt og maktfordelinga i tråd med grunnlova. No er det kanskje viktigare enn nokon gong å ta vare på demokratiet, seier han.

Harry Valderhaug på opninga av Stortinget

Harry Valderhaug synest at opninga av Stortinget var noko heilt spesielt.

Foto: Privat

Sjølv om han i ei årrekke har vore ordførar og varaordførar i Giske kommune, er også han spent på det nye livet på Stortinget. No gler han seg til å ta fatt på jobben i næringskomiteen.

– Det er ærefrykt i forhold til at vi kan gjere noko viktig for folk, og vi må gjere vårt beste for å prøve å få til det. Det er mykje som trengst i samfunnet vårt, seier Valderhaug.

Han bur nært flyplassen på Vigra, og kjem til å vere ofte heime på Sunnmøre.

– Ein viktig del av jobben er å ha jording til Møre og Romsdal og folk, verksemder og ting som skjer der, som er viktig å få med seg.

en mann som står foran en port

Harry Valderhaug synest det blir spennande å sitje på Stortinget.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Sit så lenge eg får

For unge Tangen blir Oslo-livet noko heilt nytt. Han har fire biler som han liker å mekke på, men som truleg blir ståande mest i ro framover.

– Eg er ein enkel kar frå Skeidsdalen i Gjemnes. Når eg ikkje held på med politikk, så bruker eg å ta meg ein lang biltur for å slappe av. Eg går på tur i fjellet, på ski på vinteren og sånt. Det er det eg liker å halde på med, seier Tangen.

Kor lenge trur du at du blir her?

– Eg skal sitje her så lenge eg får lov til å sitje her, og så lenge det er behov for det, seier Tangen.

Les også Dette blir den nye Mørebenken

Mørebenken på Stortinget i perioden fra 2025.

Les også KrF gjer comeback som stortingsparti i Møre og Romsdal

Harry Valderhaug smiler på valgvaken på Pir.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

En gruppe jenter i uniform

Historisk: Molde Fotballklubb rykker opp i Toppserien