Hopp til innhold

Vanskeleg sak

Mette Ekroll Nyland, bistandsadvokat til dei pårørande, seier det har vore krevjande for dei etterlatne å følge rettssaka etter dødsulykka i Blindheimstunnelen.

– Alt blir snudd opp igjen og dei får det tapet dei kjenner på i kvardagen på nært hald. Likevel er det positivt at gjennomføringa har vore gjort med respekt. Det er vanskeleg for dei etterlatne og sjå at forslaget til straff er det same resultatet når tre menneskeliv har gått tapt. Men dei var førebudd på det i og med at det er i tråd med rettspraksis, seier ho.

Aktor Magne Kvalvik seier det er vanskeleg å vurdere straffeutmålinga. Han ber om eitt år og ti månader fengsel for den tiltalte kvinna i 20-åra.

– Det er ein forskjell på det vi som menneske kan forvente av ei slik sak og det som er rettspraksis. Her har eg lagt vekt på at det var tre døde i ein bil og fire skadde i den andre. Eg meiner det rettferdiggjer eit utgangspunkt på to år, med strafferabatt for å ha erkjent straffeskuld.