Politiet har no fullført etterforskinga av ulykka i Blindheimstunnelen i Ålesund. I samband med dette har Statsadvokaten i Møre og Romsdal tiltalt ei kvinne i 20-åra for brot på straffelova § 281 om aktlaust drap og vegtrafikklova § 3. Det skriv dei i ei pressemelding.
– Etterforskinga er ferdig og vi meiner det er rett at ho blir tiltalt for aktlaust drap, seier politiadvokat Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik til NRK.
– Kvifor det?
– Det som står i tiltalen er at ho, i påtalemakta sitt syn, har kome køyrande inn i tunnelen med ei fart på over 90 kilometer i timen. Deretter har ho gassa på, noko som førte til at ho mista kontroll over bilen og kom over i motgåande køyrefelt, seier Kvalvik.
Fartsgrensa på staden der ulykka skjedde er 70 kilometer i timen.
Tre omkom
Det var i juni i år at to bilar kolliderte inne i Blindheimstunnelen på E39 i Ålesund.
Tunnelen ligg om lag ei mil unna Ålesund sentrum, like ved kjøpesenteret Moa. Det er to køyrefelt i tunnelen. Tunnelen måtte stengast i fleire timar etter at kollisjonen.
I den eine bilen sat tre kvinner i 40-50-åra Dei var på veg heim frå eit sommarshow på Teaterfabrikken i Ålesund då ulykka skjedde. To av dei omkom i ulykka. Den tredje døydde seinare på sjukehus.
Har ikkje tatt stilling til spørsmål om straffskuld
I etterkant av ulykka blei føraren av den andre bilen, kvinna i 20-åra, sikta for aktlaus køyring. I november blei siktinga utvida til å gjelde aktlaust drap.
Så langt har det ifølge politiet ikkje vore aktuelt å sikte nokre av dei andre som sat i den same bilen. Det var totalt fire personar i 20-åra i denne bilen. Desse blei lettare til moderat skadd i ulykka.
Ifølge politiet har den tiltalte ikkje tatt stilling til spørsmålet om straffeskuld på noverande tidspunkt. Det har så langt ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med forsvararen til kvinna.
Hovudforhandling skal gå over tre dagar, frå 7. til 9. mars 2023.